Magnus Myklebust scora Hødd sitt andre mål borte mot Sandnes Ulf og no ser det ut til at kantspelaren verkeleg har fune scoringsforma for Hødd. Mot Bryne på nye Høddvoll scora nemleg Myklebust begge måla i det som til slutt enda som ein solid 2-0 siger for Hødd.

- Eg vil alltid vere med der framme og bidra med målgjevande pasningar eller score sjølv. I dag var det nydeleg å få avgjere kampen, fortel Myklebust.

- Det første målet dreg eg meg innover og set ballen i lengste, medan på den andre så er eg nesten åleine med keeper på litt skrått hald. Det skal som regel vere mål, meiner Myklebust.

På det første målet til Hødd var det Steffen Moltu som tok meg seg ballen opp frå forsvaret og gjennom Bryne si midtbane.

- Då blir det ubalanse og dei må ta eit val om kven dei vil støte på, så det er veldig bra av Steffen.

Hødd brukte ein del tid før dei kom skikkeleg i gang offensivt, og i den første omgangen skapte ikkje laget meir enn nokre halvsjansar.

- Nei, eg er einig i det. Det var litt halvvegs og vi skaper lite i den første omgangen. Det kom seg i den andre omgangen og vi visste at vi måtte vere tolmodige, og at sjansane ville kome.

Er de litt knytte i forhold til dei ujamne prestasjonane den siste tida?

- Du tenkjer på det når ein taper 4-0 i sist heimekamp, men det handlar om å nullstille til nye kampar. I dag viser vi at vi kan om vi vil.

Hødd hadde ikkje vunne to kampar på rad sidan sist laget møtte Bryne, men det sørga Myklebust sine mål for å gjere noko med.

- Er det så lenge sidan? spør tomålsscoraren, før han legg til:

-  No handlar det om å vere meir stabile over tid, men det er ein serie der alle kan vinne mot alle.

Med to scoringar mot Bryne er Myklebust no oppe i seks scoringar i serien for Hødd denne sesongen. Berre Eirik Ulland Andersen har fleire.