Sondre Beite har starta to seriekampar for Hødd. Den første kom heime mot Bryne i siste serierunde i 2014, og den andre kom sundag i 2-0 sigeren heime mot Bryne.

Er det på tide at du får starte mot andre lag enn Bryne?

- Som fotballspelar har ein alltid lyst å spele fotballkampar, og eg har sjølsvagt lyst å starte kvar einaste kamp, men det er opp til Sindre (Eid) om han ønskjer å bruke meg. Då veit han kva han får, det er hundre prosent innsats, det er heilt sikkert, smiler ungguten etter å ha spelt 82 minutt mot Bryne.

På same måten som resten av Hødd-laget passerte den første omgangen uten at Beite fekk vist fram så mykje av sitt offensive register.

- Det blei ikkje mykje sjansar i den første omgangen. Litt mykje lemping og då er ikkje eg noko særleg. I den andre omgangen opna det seg meir opp, eg fekk sjansen til å utfordre meir og det passar meg betre.

Hødd tok leiinga etter 74 minutt og då opna det seg endå meir opp i Bryne-forsvaret, noko som burde passe ein spelar som Beite, men nokre minutt seinare vart han bytta ut for Joachim Magnussen.

- Når dei tømer seg bakover og det blir store rom så passar det meg veldig godt, men eg må prøve meg på fleire typar kampbilete. Det er slik eg lærer og det eg må gjere om eg vil spele fast, fortel Beite.

Håpar på meir spel for førstelaget

Han legg også til at han har fått beskjed om at han må utvikle seg vidare i det defensive arbeidet for å verte meir aktuell for ein startplass.

- Eg synest det går ganske bra saman med Ole Amund (Sveen) på høgresida. Han pratar godt til meg og eg synest vi klarar oss bra.

Beite fekk vist fram litt av sine offensive kvalitetar utover i kampen og han håpar Høddvoll-publikumet får sjå meir av han utover hausten. På andrelaget er Beite toppscorar og no har han lyst å vise litt av det same på førstelaget til Hødd.

- Eg gjekk jo heile helga og tenkte på om eg kanskje kunne kome til å score, det er jo ikkje så veldig langt ifrå heller. Det er nære at eg er først på ballen på ein sjanse her i andre omgang, og då hadde eg prøvd å lobbe, smiler Beite.

Hødd-trenar Sindre Eid trur ikkje Bryne-kampen blir siste sjanse til å sjå Sondre Beite i Hødd-drakta denne sesongen.

- Det er tøff konkurranse i det leddet, men Sondre er framtida i Hødd og vi kjem til å sjå mykje av han i Hødd-trøya både denne hausten og i åra som kjem. Det var kjekt å kunne starte med Sondre i dag. Han er ein vi forventar oss mykje av, slår trenaren fast.