Fredrik Aursnes vart for ei tid tilbake teken ut som ein del av den norske U21-troppen som skal møte England i EM-kvalifiseringskamp komande måndag.

Aursnes var også med på dei to siste kampane med U21-landslaget, og scora eitt av Norge sine mål i sigeren over Bosnia, då Norge fekk ein best mogeleg start på kvalifiseringa.

England er favorittar i gruppa til Norge, der ein også har Kasakhstan, Sveits og Bosnia-Hercegovina.

TV2 sender U21-landskampen på Sportskanalen, og kampen skal også vere tilgjengeleg gjennom TV2 Sumo.

England blir truleg ei tøff nøtt for Aursnes og resten av U21-landslaget. Gareth Southgate har nemleg med seg ei rekkje spelarar med erfaring frå Premier League, mellom anna Eric Dier (Tottenham), Calum Chambers (Arsenal), Jordon Ibe (Liverpool) og James Wilson (Manchester United).

Den norske troppen:

Sondre Løvseth Rossbach - Odd

Per Kristian Bråtveit - Haugesund

Fredrik Aursnes - Hødd

Veton Berisha - SpVgg Greuther Fürth

Bersant Celina - Manchester City FC

Mohamed Elyounoussi - Molde

Iver Fossum - Strømsgodset

Thomas Grøgaard - Odd

Jonas Grønner - Brann

Kristoffer Haraldseid - Haugesund

Ulrik Yttergård Jenssen - Lyon

Marius Lundemo - Lillestrøm

Birger Solberg Meling - Stabæk

Alexander Sørloth - Bodø/Glimt

Morten Thorsby - Heerenveen

Anders Trondsen - Sarpsborg 08

Bjørn Inge Utvik - Sogndal

Ghayas Zahid - Vålerenga

Henrik Bjørdal - Aalesunds FK

Martin Rønning Ovenstad - Strømsgodset