Det var stor fart i teten i løp nr. 33 i Snipsøyrvatnet Rundt. I herreklassa senka Kristian Nedregård, Ålesund, sin personlege rekord frå 41,07 til 40,58 - og avanserte frå 5.- til 4.-plass på rankingen. Han ligg no berre 1 sekund bak Knut Innselset, som har 40,56. Rekordhavar på mannssida er Oddbjørn Skogen, som har løpt på 39,10. Arild Bjørdal (40,35) ligg på 2.-plass.

Superveteranane André Gjerde, Berge Hjørungnes og Bjørn Harald Harkjerr held framleis ut på toppen av ilsta over dei som har flest løp. Alle tre stilte denne gongen også - og har fått med seg samtlege 33 løp. Per Storøy og Torbjørn Ole Frost Widnes Johansen har begge 29 løp.

Vi kjem tilbake med full resultatliste, nemner berre at bak Kristian Nedregård i herreklassa kom Tewolde Birhan frå Volda på 43,56 og Joachim Tranvåg frå Brandal på 45,16.

Det gjekk fort unna med Kristian Nedregård, som vann herreklassa. Her passerer ålesundaren Snipsøyr. Foto: Leiv Arne Grimstad