Etter tapet mot Ull/Kisa sist runde var det bortimot slik at Hødd måtte vinne heimekampen mot Sandefjord søndag føremiddag. At det ikkje var ei blendande førestelling dei nær 1500 tilskodarane fekk oppleve betydde ingenting. Hødd vann 1-0 etter ei scoring signert Vegard Heltne i det 53. minutt.

- Det var svært mange kjensler som gjekk gjennom hovudetmitt dei siste minutta der. Det var som om heile sesongen nesten gjekk i revy.Eg tenkte tilbake til 1. juni, då vi hadde tre poeng etter åtte rundar. Vihadde eit ungt lag, og alle trudde vi var nede. Det er ikkje sikkert alle veitkor hardt vi har jobba for å snu dette. No er vi nære ved å halde plassen, ogdet ubeskriveleg, sa ein svært glad Hødd-trenar til Vikebladet Vestposten etterkampslutt, medan han såg bort på Adeccoliga-tabellen som var slått opp på tekst-tv.

Best målforskjell

Tabellen viser at tre lag må gå forbi Hødd i siste runde forat det skal bli nedrykk; Tromsdalen, Bryne og Strømmen. Både Hødd, Tromsdalenog Bryne har 35 poeng, men Hødd har best målforskjell av desse laga. Blåtrøyenehar også klart betre målforskjell enn Strømmen, som før den siste runden liggunder streken med 34 poeng.

- Forsvarte oss godt

Mot Sandefjord såg ikkje Hødd ut som noko botnlag. Rett nokhar Hødd spelt klart betre kampar enn denne angrepsmessig. Dei fleste moglegheitene kom faktisk på skot frå distanse. Men bakoverforsvarte heimelaget seg veldig godt. Sandefjord kom berre til éin kvalifisertsjanse, då Yaw Amankwah bomma på ope mål etter 36 minutt.

- Var dette ein taktisk triumf, Lars Arne?

- Vi skulle vere kloke og unngå å gjere feil slik Sandefjordkunne utnytte brot. Vi visste også at motivasjonen deira kunne falle omSarpsborg 08 gjorde sin jobb (noko dei gjorde). Det er første gong vi har vunne1-0, og vi spelte ein veldig god kamp mot eit godt lag. Heile laget forsvarteseg godt, og vi vann viktige duellar mot slutten, seier Hødd-trenaren.

Skal avslutte godt

Som no gler seg til ei god treningsveke der Hødd ikkje harnoko enormt press på seg til å slå Bodø/Glimt.

- Men vi slår ikkje ut håret før plassen er heilt sikra. Og det eralltid viktig å vinne den siste kampen. Vi skal avslutte sesongen skikkeleg,varslar Lars Arne Nilsen.

Les kampreferatet