Sparebanken Møre-cup blir arrangert av Flø IL og Åram/Vanylvskameratane og går i Ulsteinhallen fredag og laurdag. 16 herrelag og åtte damelag deltek, alle frå Ytre Søre Sunnmøre.

Gruppespelet er ikkje ferdig før litt utpå laurdagen, men i det siste kamp fredag akkurat er ferdig registerer vi at det har blitt spelt mange jamne og tette kampar. I god breiddeånd har ingen av klubbane som stiller fleire lag toppa nokon av laga sine, og det gjer dermed det heile veldig spennande.

Etter éin dag er faktisk ingen av herrelaga sikra plass i sluttspelet, sjølv om det skal mykje til at Tjørvåg med to sigrar og 10-2 i målskilnad i gruppe A ikkje avanserer. Det einaste damelaget som er sikra semifinaleplass er Hasundgot 1.

Du kan følgje turneringa live på mylivescore.no.

Bileta er tekne av Einar Orten Trovåg og André Kragset.