Den finske midtstopparen tek over kapteinsbindet etter Fredrik Klock, som takka for seg etter NM-gullet i fjor haust.

– Det er ei ære for meg å bli kaptein for Hødd. Her har vore mange gode kapteinar her tidlegare, så det kjennest fint for meg å får dette vervet, seier Törnqvist til Vikebladet Vestposten.

27-åringen kom til Hødd før årets sesong. I fjor spelte Törnqvist i Alta. Tidlegare har han spelt i både Sverige, USA og Finland, noko du kan lese meir om i vårt seriestartmagasin.

Håper på betring

Jesper Törnqvist har spelt alle treningskampane så langt i år og gjort det jamt over godt. Men måndagens generalprøve mot Førde var inga stor oppløfting for Hødd før seriestarten neste veke. Så får vi håpe at utrykket dårleg generalprøve gir god seriestart framleis held vatn.

– Ja, det får vi håpe. Vi spelte ingen god 1. omgang i dag, og 2. omgang vart som du såg prega av uheldige hendingar, seier Törnqvist.

- Meir "på"

Som ikkje er einig i utvisinga av Akeem Latifu.

– Men det er sånt som skjer. Dommaren måtte ta ei kjapp avgjersle.

– Kva må betrast mot Fredrikstad?

– Vi må i alle fall vere meir “på” enn i dag. Det vi viste i dag er ikkje godt nok. Men eg er ikkje bekymra før seriestarten, forklarer Hødds nye kaptein.

Les også:

* Tapte generalprøven* Bilete frå Hødd - Førde* Nye spelarar skal vise seg fram