Ein spent rittleiar, Aud Janne Hatlebakk, var i godt humør då Vikebladet Vestposten møtte ho ved mållinja utanfor Ulstein ungdomsskule måndags føremiddag.

- Dagen i dag har vore heilt fantastisk. Vêret har vore til stor hjelp og mange flinke frå frivillige har gjort dette til ein flott dag, seier rittleiaren.

Ny rekordar

Og Hatlebakk hadde god grunn til å vere nøgd i solsteiken. Heile 182 deltakarar var påmelde til årets ritt, noko som er rekordmange.

Som om ikkje det var nok skulle syklisten Martin Notøy Nevstad sykle inn til ny rittrekord. Tida hans viste 1:42:48. Vinnaren sjølv kunne gjerne ha tenkt seg å sykle endå meir.

- Ettersom det var ganske flatt så var ikkje det så veldig tungt. Vi kunne gjerne ha sykla eit par ekstra gongar opp Leikongbakken spør du meg, sa Notøy Nevstad etter å ha kome i mål.

Frivillige

Langs vegen stod fleire frivillige og passa på at syklistane fann fram. I tillegg heldt fem motorsyklistar følgje med feltet.

- Det er heilt topp. Det er ein suksessfaktor med tanke på trafikktryggleiken, for vi stoppar den trafikken som eventuelt kjem i førevegen. I tillegg fekk vi ei Tour de France-kjensle av å køyre saman med dei, seier dei fem motorsyklistane.

Tilbake til kvardagen

No som rittet er over går det tilbake til kvardagen for rittleiaren.

- No ventar det nokre stilar som skal rettast! Men aller først skal eg slappe av ei lita stund, seier Hatlebakk.

For å arrangere rittet var ikkje heilt problemtatisk.

- At vi arrangerte rittet, for å så avlyse og deretter arrangere det på nytt var fire dagar med ekstra arbeid, men alle har gjort ein god jobb med å få alt i stand, forklarar ho.

Les også:

* Ulstein Nordea-rittet

Desse køyrde saman med syklistane. Frå venstre: Karsten Brandal, Vigdis Baade, Geir Baade, Idar Flø og Helge Warholm. Foto: Joakim Rødven