På tida 2:45:80 sikra Karsten Warholm sin aller første medalje i internasjonal samanheng torsdag kveld. Etter ei rekkje imponerande resultat vann han mangekampen samanlagt med 191 poeng ned til andreplassen.

Etter å ha fått sove av seg gullfeiringa, var han tilbake på jorda igjen fredag føremiddag.

- No er eg veldig sliten. Eg hadde ei lita feiring i går kveld, men i dag skal eg berre ta det heilt med ro slappe av. I kveld skal eg få utdelt medaljen min og etter det blir det ei lita feiring saman med resten av laget, sa Warholm på telefon frå Ukraina tidlegare i dag.

Adrenalinkick

Etter å ha fått 1000-meteren ein dag på avstand, sit Warholm framleis att med ei rar kjensle der han sit på hotellromet sitt.

- Det følest litt rart, ja. Gårsdagen var heilt klart den sjukaste dagen i livet mitt. Det var heilt ufatteleg, seier han.

- Korleis vil du skildre dei siste 200 meterane på 1000-meteren?

- Dei var eigentleg nokså surrealistisk. Mot slutten så fekk eg eit utruleg adrenalinkick. På dei siste 200 meterane så tenkte eg at «no er det berre å klinke til for å få til det eg har jobba så hardt for å oppnå», skildar han.

Mange fulltreffarar

-  For ei veke sidan, hadde du i dine villaste draumar tenkt at du skulle bli verdsmeister?

- Det var ikkje der tankesettet mitt var, men eg tenkte vel ikkje at eg skulle bli det før eg kom til Ukraina. Når eg først vart det, så kjendest det endå betre enn eg hadde trudd på førehand, forklarar han.

- Er du litt irritert over at du ikkje tok dei 40 ekstra poenga for å ta verdsrekord i mangekamp?

- Nei, på ingen måte. Eg hadde så utruleg mange fulltreffarar i løpet av konkurransen. Spydkastet var ikkje så veldig bra, men der var ikkje ikkje betre enn eg var. Så det blir for dumt å la seg irritere over det.

Stafett i morgon

Allereie i morgon ventar det ei ny utfordring for unge Warholm. Då skal han springe stafett med dei andre lagkameratane. Men den konkurransen har ikkje vore eit tema i hovudet til 17-åringen enno.

- Eg har vore så fokusert på mangekampen dei siste dagane, så stafetten har eg faktisk ikkje tenkt på. Det var først og fremst mangekampen som eg kom hit for å gjere det bra i, så stafetten kjem som ein bonus. Forhåpentlegvis kan eg bidra til å ta ein medalje der også, seier den nybakte verdsmeisteren.

Her fekk Karsten Warholm overrekt gullmedaljen sin fredag kveld. Foto: arve hatløy