1. omgang:

Hødd kom treigt ut av startblokkene. Det var noko passivt og halvnervøst over det heimelaget viste innleiingsvis. Men dei fekk den første sjansen etter sju minutt. Erik Sandal spelte ballen i bakrommet i retning Espen Standal. Ørstingen spurta forbi Follo-forsvaret og snappa opp ballen framfor nasen på keeper Frode Larsen. Målet var tomt, men vinkelen nesten død. Så det var ikkje anna å vente at forsøket frå Standal gjekk i nettveggen.

Follo har vore i god form den siste tida og spelte periodevis med stor sjølvtillit. Etter 14 minutt fyrte Robin Rasch av eit tilsynelatande optimistisk skot. Men Jan-Lennart Urke hadde ikkje kontroll og måtte gi retur. Tre minutt seinare burde Daniel Pedersen ha sendt bortelaget i leiinga, men frå god posisjon sklei ballen av foten hans. Så vart det meir snert over Hødd igjen ein periode. Etter ein corner frå Fredrik Aursnes hamra Erik Sandal til. Det gode forsøket vart blokkert, medan returen frå same mann gjekk ut i havgapet. 22 minutt var spelt då Espen Standal fekk dagens største sjanse så langt. Hødd-spissen vende flott vekk eit par motspelarar før han plasserte ballen i lengste stong.

Men Hødd klarte ikkje å halde oppe trykket utover i omgangen. Laget vart liggjande for lågt i bana, samtidig som Follo fekk god tid til å ta ned ballen og spele han langs bakken.

Etter 36 minutt gjekk eit frispark frå Robin Rasch like utanfor lengste stong. Tre minutt før pause varta Jan-Lennart Urke opp med ei fin eihandsredning då Fredrik Levorstad testa skotfoten.

2. omgang:

Omgangen starta jamt. Follo fekk ei ganske god moglegheit etter 57 minutt då Martin Reier fekk stå åleine bakarst i feltet. Avslutninga gjekk via ein Hødd-spelar og over mål.

Så følgde nokre minutt med bra Hødd-trykk. 1-0 kom etter eit langt angrep som inkluderte fleire Hødd-avslutningar. Eit forsøk frå Eirik Ulland Andersen vart redda på streken før Fredrik Aursnes smelte ballen i mål via tverrleggjaren.

Espen Standal burde ha dobla leiinga etter 70 minuttet, men skotet åleine med Follo-keeper Larsen sneik seg like utanfor.

Follo såg mindre kvasse ut etter pause enn før. Samtidig heva Hødd seg. Etter 76 minutt kom 2-0. Angrepet starta ved innbytar Ruben-Kenneth Brandal. Eirik Ulland Andersen spelte vegg med Erik Sandal før han åleine med keeper sette ballen enkelt i mål frå kort hald.

Fire minutt før full tid la Espen Standal til rette for Andreas Rekdal, men innbytaren sitt skot frå kort hald klarte ikkje å overliste Larsen.

Hødd vann til slutt fortent 2-0 etter ein slapp 1. omgang og ein betre 2. omgang.

VI KJEM MED REAKSJONAR FRÅ KAMPEN OM IKKJE LENGE.

KampfaktaAdeccoligaen runde 29Hødd – Follo 2-0 (0-0)HøddvollTilskodarar: 1840 selde billettar og sesongkortMål: 1-0 Aursnes (60), 2-0 Andersen (76)Dommar: Kim Rune Borgersen, Austad FKGule kort: Aursnes, Sandal (Hødd), Lübeck, Hagen, Pedersen, Mjønner (Follo)Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås (Ruben-Kenneth Brandal 58) - Fredrik Aursnes, Sivert Heltne Nilsen, Erik Sandal (Andreas Rekdal 84) - Eirik Ulland Andersen, Espen Standal, Joachim Magnussen (Bendik Torset 71).