I 2008 vart Nilsen juniortrenar i Hødd. Sommaren same år tok han over a-laget saman med Einar Magne Skeide. Frå 2010 har Nilsen hovudtrenar åleine. I denne perioden har Hødd opplevd opprykk frå 2.-divisjon (2010), ein god comeback-sesong i Adeccoligaen (2011), cupgull (2012) og kvalifiseringsspel til Tippeligaen (2013).

- Kan vere smart

Lars Arne Nilsen hadde også kontrakt med Hødd i 2014, men etter å ha tenkt over saka gjennom hausten fekk Hødd-styret denne veka beskjed om at han trer av no.

- Eg har kjent på det ein periode. Men det har vore vanskeleg å snakke om det offentleg. Eg varsla i haust André (Nevstad) og Bård (Dalen) om at eg vurderte å gi meg etter sesongen. Og denne veka kom den endelege beskjeden. Eg har vore i Hødd i seks år, inkludert fem og eit halvt år som a-lagstrenar - og eg ønskjer å gi meg medan eg framleis trivst i klubben. Det er ikkje det at eg manglar energi. Eg er ikkje utbrent. Men også for klubben sin del kan det vere smart med eit skifte no, sa Nilsen på dagens pressekonferanse.

- Utruleg stolt

Han kan ikkje seie sikkert om han hadde heldt fram dersom Hødd rykte opp til Tippeligaen - eller kor vidt han er aktuell for å trene eit anna lag neste år (han spøkte rett nok om at han var aktuell for ein jobb i Kasakhstan). Utgangspunktet framover er at han skal tilbake i full sivil jobb i Volda og bruke meir tid på familien.

Sjølv om rykta begynte å gå på bygda i går kjem Lars Arne Nilsen sin avgang overraskande på mange. Spelarane fekk nyheita like før pressekonferansen i ettermiddag.

- Det var trist og tungt å ta farvel med gutane. Eg har vore ein del av eit fantastisk team her. Og det vi har fått til i lag er eg utruleg stolt av. Eg har enno ikkje møtt nokon her som set seg sjølv framfor klubben. Vi har hatt våre fightar på bakrommet, men vi har alltid drege i same retning, seier Lars Arne Nilsen.

Han trur Hødd kan kome styrka ut av trenarskiftet når den nye kabalen er lagt.

Startar torsdag morgon

Kven som skal vere hovudtrenar for Hødd neste sesong er enno ikkje klart. André Nevstad fortel at arbeidet startar for fullt torsdag morgon. Det er ikkje sett nokon dato for når Hødd ønskjer å ha på plass ny trenar.

- Vi har visst ei stund at Lars Arne har vurdert å gi seg. Men vi har vore inne i ein krevjande periode med kamp om opprykk og kvalifisering. Og den endelege beskjeden kom ikkje før denne veka. Så avgangen er ganske fersk også for oss, forklarer Nevstad.

- Spesiell dag

Både Nevstad og styreleiar Bård Dalen uttrykte stort vemod over at suksesstrenar Lars Arne Nilsen har leia sin siste Hødd-kamp.

- Vi hadde håpa at Lars Arne skulle bli med oss vidare, i alle til etter at kontrakten skulle gå ut neste år. Det har vore ei fantastisk reise. Profilen med unge svoltne spelarar har fungert veldig godt. I 2008 og 2009 var vi ned i 500 tilskodarar på kampane. Sist onsdag hadde vi 3000 her midt i arbeidstida. Mykje bra har skjedd i Hødd under Lars Arne, konkluderte Dalen.

- Det er ikkje til å legge skjul på at dette er ein spesiell dag. Lars Arne har sett eit stort preg på klubben i over fem år. Det har vore fantastisk å ha han her. Lars Arne har utmerkt seg både med energi og fotballklokskap, sa André Nevstad.

Som for høvet hadde utarbeidd ein statistikk for seriekampane Hødd har spelt under Lars Arne Nilsen. Han viser 70 sigrar, 27 uavgjorte og 45 tap. I same periode har Hødd scora 288 mål og sleppt inn 192.

- Gode minne

Ikkje rart mange var triste under dagens pressekonferanse.

- Eg har jobba med Lars Arne i fire sesongar, og vi har vore som eit slags ektepar. Derfor er det både trist og vemodig at han gir seg. Vi har hatt eit godt forhold både profesjonelt og personleg. Det er som eg sa til kona mi i går; det er ein epoke som er over. Og det har vore ein epoke med mange sterke og gode minne, seier Sindre Eid til Vikebladet Vestposten.

- Vart du overraska då du fekk vite at Lars Arne skulle slutte?

- Det er vanskeleg å svare på. Å vere trenar i toppfotballen er eit tøft yrke. Men klart det er trist at Lars Arne sluttar, seier Eid.

Som førebels ikkje veit om han er aktuell til ei rolle i neste års trenarteam.

Eigen sportssjef

Det er ikkje berre hovudtrenar til a-laget Hødd skal jakte på framover. Dei lyser også ut ei stilling som sports- og utviklingsleiar. André Nevstad har vore både sportssjef og dagleg leiar sidan 2009. Men rollene er for tunge å kombinere.

- Klubben ser eit klart behov for å tilsetje ein person i 100 % stilling med ansvar for det sportslege, og vil i løpet av denne veka lyse ut ei stilling som sports- og utviklingsleiar. Vi ønskjer å styrke det sportslege apparatet framfor 2014-sesongen, skriv Hødd i ei pressemelding.

André Nevstad held fram som dagleg leiar.

André Nevstad, Bård Dalen og Lars Arne Nilsen under pressekonferansen.
Lars Arne Nilsen intervjua av Sunnmørsposten.