Reglar: Det gjeld å tippe dei tre øvste laga i desse divisjonane. Du får to poeng for å treffe rett lag på rett plassering og eitt for å ha eit lag du har inne på topp tre på ei anna topp tre-plassering. Til dømes om du tippar Hødd på 3.-plass, og det går inn, får du to poeng. Tippar du Hødd på 2.-plass, og dei kjem på 1.-plass, får du eitt poeng.

Vinnaren er innsendaren med flest poeng. Du kan maksimalt få 48 poeng.

1.-premie gåvekort på 1500 kroner2.-premie gåvekort på 1000 kroner3.-premie gåvekort på 500 kroner

Innleveringsfrist: Laurdag 19. april klokka 23.59.(Du kan altså sjå an Hødd sine to første seriekampar før du sender inn tipsa. Eller du kan sende om fem minutt.)

Innsendingsskjema.

Her kjem sportsredaksjonen i Vikebladet Vestposten sine tips:

1.-divisjon (menn):

Opprykk: Lag 1 og 2

Kvalifisering: Lag 3-6

Nedrykk: Lag 13-16

1. Tromsø

Tromsø har ikkje imponert allverda i vinter. Mista nyleg landslagsbacken Ruben Kristiansen til Vålerenga. Men har igjen fleire gode spelarar, som Thomas Kind Bendiksen (kor lenge blir han?), Remi Johansen, Zdeněk Ondrášek og vår eigen Morten Moldskred. Ikkje noko sikkert tips, men Tromsø skal vere gode nok til å rykkje rett opp igjen om ikkje fleire sentrale forsvinn ut.

2. Hønefoss

Gjorde tidvis greitt frå seg i Tippeligaen i fjor, men rykte til slutt ned. Har mista viktige Riski til Rosenborg. Elles har dei både fått og gitt. Det blir ein tøff kamp om andreplassen. Men Hønefoss har kanskje rutinen som trengst?

3. Hødd

Var i utgangspunktet svekka etter tapa av Lie og Nilsen, men signeringane inn mot seriestart (Sveen, Shroot og Wrele) gjer at det forventingane igjen aukar. Hødd hadde mykje stong inn i fjor. Om Falch er så god som vi håper, Aursnes og Andersen held fram der dei avslutta i fjor og dei andre nye slår til blir dette ein svært spennande sesong.

4. Bryne

Klarte ikkje kvalifiseringsplass i fjor, men Gaute Larsen sitt mannskap ser solide ut. Har gode 1.-divisjonsspelarar som Causevic, Addo, Landro, Wemberg, Haidar og spissen Skartun. Kan kjempe om direkte opprykk i år.

5. Mjøndalen

Tok den siste kvalikplassen i fjor. Vi skal ikkje rippe meir opp i det. Men Vegard Hansen sitt lag ser ytterlegare forsterka ut i år. Har henta inn mellom anna Kapidzic og Rasch. Kanskje litt svakare defensivt enn offensivt, men er vanskelege å møte.

6. HamKam

Hamna på kvalikplass (nummer fem) i fjor også, og er ikkje mykje svakare i år. Truleg er nivået i 1.-divisjon nokre hakk betre. God forsterkning i Psyché. Vi trur HamKam kan hamne på alt frå andreplass til midt på tabellen.

7. Ranheim

Eit lag som alltid hamnar på kvalik eller like under. Såg solide ut på La Manga. Trond Nordstien disponerer ein brei og god spelartropp med mange av dei nest beste trønderane. Men nivået er høgre i år, så Ranheim skal få kjempe for ei ny kvalikplassering.

8. Sandefjord

Har skuffa i fleire sesongar på rad. Klarte ikkje kvalik i fjor. I år er det Lars Bohinen som styrer skuta. Han har ikkje trena eit 1.-divisjonslag tidlegare. Sterke Yaw Ihle Amankwa er viktig, og cupfinalehelten frå 2012 Kjell Rune Sellin kjem nok til å score ein del. Men vi er usikre på om Sandefjord er ein opprykkskandidat.

9. Fredrikstad

Ein klubb som har slite med det aller meste dei siste åra, mellom anna økonomien og stor utskifting av både spelarar og trenarar. Robert Stene kan vere ein toppscorarkandidat, og Bjørnar Holmvik blir ei fin forsterkning. Men har mykje å rette på spelemessig i høve fjoråret om det skal bli opprykk.

10. Kristiansund BK

Låg på opprykksplass i fjor sommar, men fall av og klarte ikkje kvalik heller. Store utskiftingar i vinter. Solide forsterkningar i Stamnestrø og Pål Erik Ulvestad frå Molde, samt Jonas Rønningen frå Træff. Samtidig har heile 11 spelarar forsvunne ut dørene. Det same har trenar Geir Bakke. KBK er eit stort usikkerheitsmoment.

11. Strømmen

Har henta inn heile 17 (!) nye spelarar, samtidig som 11 har forsvunne. El Haj frå Kristiansund blir ei spesielt god signering. Fleire av dei andre er heller ukjende blad. Keeper Østbø er tilbake i Viking. Summa summarum bør Strømmen halde plassen, men kanskje ikkje så mykje meir?

12. Tromsdalen

Det blir for ille å tippe alle dei fire opprykkslaga rett ned igjen, så vi gir Tromsdalen ein sjanse. Har fått Vibe frå Hødd og rutinerte Yndestad frå Senja. Sett vekk frå Jonas Johansen (Tromsø) er dei fleste viktige frå i fjor med.

13. Ull/Kisa

Redda seg i siste liten i fjor. Har både mista og fått gode spelarar i vinter. Spennande signering i Nikolaisen frå Alta. Men noko anna enn ein kamp for ny kontrakt blir ikkje dette.

14. Bærum

Tollås kjem over frå naboen Asker.  Aalbu og Tømmernes er tilbake frå Kristiansund. Keeper blir Mohus (ex. Brann). Men Bærum skal overraske positivt om dei held plassen.

15. Nest-Sotra

Storscoraren Tim Nilsen har forsvunne til Sogndal. Suksesstrenar David Nielsen har hamna i Drammen og Godset. Har i all hovudsak henta inn lokale spelarar. Nest-Sotra får det tøft.

16. Alta

Ikkje noko originalt tips. Men Alta rykkjer rett ned igjen. Var suverene i 2.-divisjon i fjor vår, men heldt nesten på å rote vekk opprykksplassen om hausten. Vegard Braaten blir ei klar forsterkning på topp, men er det nok i dette tøffe selskapet?

2.-divisjon (damer):

Kvalifisering: Lag 1

Nedrykk: I utgangspunktet lag 9, 10 og 11 (lag 9 held seg om laget som spelar kvalik rykkjer opp – med mindre eit lag frå M&R eller Trøndelag samtidig rykkjer ned frå 1.-divisjon)

1. Trondheims-Ørn 2

Det står mellom dei og Byåsen. Ørn spelte éin uavgjort og vann resten i fjor. Kan uansett ikkje rykkje opp, men det blir anten første- eller andreplass. Magekjensla seier avdelingssiger.

2. Byåsen

Nummer to i fjor (ni poeng framfor Tynset på tredjeplass), men mislukkast i kvaliken. Byåsen melder om ei rekkje nysigneringar, og vi kan ikkje forstå anna enn at det blir kvalik i år igjen. Men i seriespelet er kanskje Ørn 2 hakket kvassare.

3. Tynset

Spelte kvalik i 2012 – utan å kome gjennom nålauget. Ny god sesong med tredjeplass i fjor. Tek ein del poeng på at få lag klarer å mobilisere skikkeleg til Hedmark-turane. Berre 23 baklengsmål totalt i fjor. Knapp favoritt til bronsen.

4. Hødd

Stiller med den beste og breiaste spelarstallen dei har hatt på mange år. Angelica Vattøy er tilbake frå Fortuna og blir viktig saman med til dømes Ragnhild Ertesvåg, Åslaug Helvig og Vilde Hasund. Om ikkje mange spelarar forsvinn til hausten (noko som kan skje) bør Hødd ha gode moglegheiter til å kjempe om bronsemedaljane. Må heve borteforma.

5. Nidelv

Solid sesong i fjor med fjerdeplass. Verkar som satsinga på damefotball er god i Nidelv om dagen. Kan kjempe med Tynset og Hødd om tredjeplassen.

6. Sunndal

Etter å ha lege i toppen i fleire år har Sunndal lagt bak seg to meir magre sesongar. Tek nok litt tid å byggje opp eit nytt storlag, men satsinga er såpass bra at Sunndal får ei midtplassering i år.

7. Træff

Nest sist i fjor, men ser noko betre ut i år skal vi tru resultata i vinter. Bør kunne halde plassen. Men kan Molde si satsing gå utover Træff?

8. Verdal

Nytt innslag frå Nord-Trøndelag. Plukka fem poeng meir enn andreplasserte Byåsen 2 i haustavdelinga i fjor. Verdal bør kunne klare seg.

9. Clausenengen

Sleit i fjor, spesielt på utebane. Det blir truleg ein kamp om å halde seg i år også.

10. Volda

Tilbake igjen i 2.-divisjon, der dei også har spelt mange år tidlegare. Eit stykke unna storlaget dei hadde for nokre år sidan, sjølv om fleire gode spelarar framleis er med. Får ein tøff sesong.

11. Stryn

Vann 3.-divisjon i Sogn og Fjordane i fjor, og fekk godkjent søknaden om å spele i denne avdelinga. Resultata i vinter tyder på at Stryn skal få store problem med å halde seg. Hugs også at dei får mange lange reiser til bortekampane.

3.-divisjon (menn):

Opprykk: Lag 1

Nedrykk: Lag 12, 13 og 14

1. Bergsøy

Denne avdelinga er svært open i år. Ingen lag stikk seg veldig ut. Derfor gir vi ambisiøse Bergsøy eit knapt favorittips. Har henta inn gode spelarar frå både innland (Husøy) og utland (mellom anna keeperen Jake Knight), og ser meir solide ut enn på lenge. Spørsmålet er om dei har 20-målsscoraren i troppen?

2. Skarbøvik IF

Har mista ein heil haug viktige spelarar etter nedrykket frå 2.-divisjon i fjor. Det såg lenge mørkt ut, men inn mot seriestart har SIF-leiinga mobilisert og fått mellom Marius Aam, Nils Ottar Sandø og Svein Arve Alnes til å gjere comeback i sebratrøyene. Tvilar på SIF rykkjer opp, men dei vil kjempe opp i der.

3. Aalesund 2

Hadde ein veldig varierande sesong i fjor. Som så mange andre andrelag stiller dei ikkje ofte med så mange a-spelarar på langreisene. Det reduserer opprykkssjansane. Vi trur AaFK 2 vil vere godt nøgde med ei topp tre-plassering i 3.-divisjon.

4. Årdal

Du hugsar kanskje den gamle tradisjonsrike klubben Jotun frå 2.-divisjon? Den klubben heiter no Årdal og har bite bra frå seg  i Sogn og Fjordane. Er ofte vanskelege å slå på heimebane. Vil ligge i sjiktet bak dei aller beste.

5. Spjelkavik

Frode Fagermo har kome inn som eit friskt pust som trenar. Har mange gode spelarar frå eiga avdeling. Kan bli eit 2.-divisjonslag på sikt, men ikkje allereie i 2015.

6. Arna-Bjørnar

Og så var det Bergen-laga. Ikkje akkurat ei vitamininnsprøyting å hamne i ei sunnmørsavdeling. Arna-Bjørnar ser uansett sterkast ut av dei to Bergen-klubbane. Har gjort det greitt i vinter.

7. Hødd 2

Årets sikraste tips? Hødd 2 har hamna midt på tabellen heilt sidan nye 3.-divisjon såg dagens lys i 2011. Vil variere. Neppe mange a-spelarar som blir med på dei lengste reisene. Men hugs også at Hødd har mange gode juniorar i år. Med litt tur kan Hødd lukte på ei pallplassering i denne divisjonen. Samtidig må det koordinerast godt for at belastninga ikkje skal bli for stor for enkelte. Så ein sjuandeplass verkar reelt.

8. Sogndal 2

Om lag i same båt som Hødd 2. Rekrutteringa er god. Mange unge på a-lagsbenken. Vil vere stabilt ustabile.

9. Larsnes/Gursken

Som alltid eit usikkert kort. Framfor denne sesongen har deira beste spelar dei siste sesongane, Preben Sætre, gått til Herd. Men har framleis god rutine i Thomas Sætre Hauge, Anders Vaagen, Oskar Gunnarstein og Leiv Sindre Muren. I tillegg kjem det opp nye gode unge spelarar, som gutespelarane Olav (keeper) og Aleksander Rekdal. LGFK held plassen, men vi tvilar på dei kan kjempe på øvre halvdel.

10. Tertnes

Har mista mange spelarar sidan i fjor, men ikkje så mange at dei rykkjer ned frå dette selskapet. Held kontrakten og håper på eit anna avdelingsoppsett neste år.

11. Eid

Vann 4.-divisjon S&F i fjor og ser sterkast ut av nordfjordlaga. Tidlegare Hødd-spelar (2006) Bjørn «Totti» Totland er både dagleg leiar, trenar og spelar.

12. Stryn

Dagmund Evebøs mannskap får det tøft i år. Stryn står midt i eit generasjonsskifte og har tidvis hatt trøbbel i vinter. Må kjempe for å halde plassen.

13. Tornado/Måløy FK

Er stordomstida over for Vågsøy-laget? Har slite med få spelarar i vinter og måtte nyleg trekke andrelaget frå 5.-divisjon. Treningskampresultata i vinter tyder på at TMFK må overraske om dei skal halde plassen i år.

14. Norborg

Med tanke på problema Hareid fekk i 3.-divisjon i 2012, kan vi ikkje forstå at den vesle klubben Norborg skulle få det noko lettare i same selskap i år. For all del. Dei har ein del bra spelarar. Og Oddmund Otterlei er definitivt ein klassetrenar. Men over ein lang sesong skal dette halde hardt.

4.-divisjon (menn):

Opprykk: Lag 1

Nedrykk: Dersom eitt sunnmørslag går ned frå 3.-divisjon, går to ned frå 4.-divisjon etc.

1. Volda

Fem lag skil seg ut i toppen av 4.-divisjon i år, og per dato ser det heilt ope ut kven av dei som rykkjer opp. Volda har heldt på flesteparten av spelarane sine frå i fjor og har lagt eit bra grunnlag i vinter ifølgje rykta. Får eit svært knapt favorittips.

2. Ørsta

Har kanskje det mest spennande laget på papiret, med spelarar som Øvrebotten og Gjengår tilbake frå Hødd. Trenar Svein Slinning har svært mykje rutine og kan sitt fag. Men blir Øvrebotten og Gjengår i klubben heile sesongen?

3. Valder

Når Valder først har dagen så er dei eit godt 3.-divisjonslag. På svake dagar hadde dei hatt trøbbel i 5.-divisjon. Men no er alle dei sentrale spelarane (Steffen Oksnes Elde og to x Synnes) tilbake i klubben, der også Henrik Hole Oksnes held stand.  Har eit kanonlag, men har kanskje ikkje like mykje breidde som dei fire andre topplaga.

4. Rollon

Fyller 100 år denne sesongen og har ambisjonar om opprykk. Det kan dei godt klare. Så open er denne avdelinga. Måldyktige Daniel Gjerde er for tida i SIF. Han skulle Rollon truleg kanskje hatt for å setje prikken over i-en. Men laget er solid det. Sjå opp for Adnan Idrissi.

5. Emblem

Nummer fire i fjor. I utgangspunktet betre i år, men konkurransen er tøffare. Bogdan er ein svært god spiss og vil kjempe mot Øvrebotten om toppscorartittelen.

6. Stranda

Spelte i 3.-divisjon i fjor, men vi trur ikkje dei går rett opp igjen. Har på papiret litt lita breidde. Spelarar har forsvunne. Men Stranda er som alltid eit fysisk og ekkelt lag å møte – for alle.

7. Langevåg

Har kanskje det yngste laget i 4.-divisjon, om vi trekk frå eit par veteranar. Og rekrutteringa i Langevåg er svært god, som vi ser av resultat i aldersbestemte klassar. Hadde ingen problem i 5.-divisjon i fjor. Held plassen og vel så det.

8. Blindheim

Vi trur Blindheim blir om lag like gode – det vil seie ustabile – som dei siste sesongane. Kan både slå og tape mot alle. Held plassen, men neppe topp fem.

9. Hareid

Står midt inne i eit generasjonsskifte. Fjorårets beste spelar Marius Rise har forsvunne. Det same har Audun Øvrelid. Husøy og Breivik gav seg midt i fjorårssesongen. Har fått inn gode og unge spelarar i yngste blad Longva og yngste blad Trovåg. Dyktig trenar i rutinerte Hans Gisle Holstad. Hareid vil truleg vise eit høgt toppnivå. Kan terrorisere mange lag med mykje fart. Men kva med botnnivået? Laget manglar truleg ein del rutine på å kunne kjempe på øvre halvdel.

10. FK Sykkylven

Rykte opp frå 5.-divisjon og har fleire gode unge spelarar på gang. Som Hareid manglar dei derimot ein del rutine. Hamnar på nedre halvdel ein eller annan plass.

11. Skodje

Ikkje noko sikkert tips dette. Håkon Opsahl og Eivind Erstad på topp skal mange lag få trøbbel med. Men lagets to beste spelarar frå i fjor, Eirik Nesset Hjelvik og Sondre Beite, har forsvunne. Då skal det bli vanskeleg å kopiere fjorårets sjetteplass, sjølv med ei samansveisa og homogen spelargruppe.

12. Godøy

Eit vågalt tips, all den tid Trond Brynestad er tilbake i Godøy-drakta og laget som vanleg har mykje fart på topp. Men den uttala målsetjinga i år er å halde plassen. Alnes har gått tilbake til SIF. På papiret er ikkje laget godt nok defensivt. Men vi har tippa Godøy ned og tatt feil før.

5.-divisjon (menn):

Opprykk: Lag 1 og 2

Nedrykk: I utgangspunktet lag 10, 11 og 12, men dersom til dømes eitt lag rykkjer ned frå 4.-divisjon skal to ned frå 5.-divisjon. Og kjem tre ned frå 4.-divisjon rykkjer fire ned frå 5.-divisjon.

1. Vigra

12 lag i 5.-divisjon i år, noko som gjer at nivået kanskje blir litt svakare. Ingen av laga som rykte ned ser ut til å ha forsterka seg. Så vi gir Vigra eit knapt favorittips. Dei hadde frå før eit bra 5.-divisjonslag. Så kom storscoraren Kenneth Kjevik tilbake frå SIF i vinter. Han har vore skadeplaga i vinter, men i form er han god for 35-40 mål på dette nivået.

2. Vartdal

Etter ei rekkje nesten-opprykk dei siste åra – er det endeleg duka for at Vartdal skal ta steget opp? Spelarstallen ser om lag like sterk ut som den dei hadde i fjor – då det vart ny tredjeplass.

3.  MSIL

Stod ikkje kampane ut i 4.-divisjon i fjor. Mangla nok då ein del treningsgrunnlag hos for mange. MSIL har framleis mange nok gode spelarar til å kjempe i toppen av 5.-divisjon. Men held det til opprykk?

4. Åram/Van.kam.

Har mista svært mange gode spelarar, som Halsen, Brobakke, Løvold og Stian Bellen. Byggjer opp eit nytt og spennande lag med mange unge spelarar. Elling Flister og Øyvind Myklebust står for rutinen. Rykkjer ikkje opp, men blir å finne i sjiktet bak.

5. Stordal

Rykte ned med brask og bram frå 4.-divisjon i fjor. Kunne spele jamt med dei fleste over periodar, men sjeldan gjennom ein heil kamp. Spelar nok på seg meir sjølvtillit i 5.-divisjon, men vi tvilar på rask retur.

6. Sæbø

Sæbø kan bli overraskingslaget i denne divisjonen. Vann Søre-avdelinga i 6.-divisjon i fjor med grei avstand ned til Hareid 2 på andreplass. Sigersresepten var kontant duellspel og gode dødballar. Sjå opp for målsniken Terje Haugen Øye og ei vanskeleg grasmatte på Sæbø.

7. Hovdebygda

Overraskande svake i fjor. Fekk lite ut av det tilgjengelege spelarmateriellet og kjempa hardt for å halde seg i divisjonen. No har Frode Tømmerbakk fått ein ny sesong på seg – og då bør det gå betre. Vi tippar ei midtplassering.

8. Ørskog

Hadde ikkje lag i 2012. Var tilbake i 6.-divisjon i fjor og vann Nordre-avdelinga greitt. Bør styre til ny kontrakt i 5.-divisjon.

9. Hasundgot

Har mista fleire spelarar sidan i fjor, men har også fått litt påfyll. Har akkurat klart seg i 5.-divisjon dei to siste åra – og vi trur det blir slik i år også. Har for vane å mobilisere til heimekampane og gjere det bra der, medan fangsten borte mildt sagt har vore beskjeden. Vi trur Hasundgot vil score mange mål i år, men også sleppe inn mange.

10. Åmdal

Laget som fekk gjennom at avdelinga skulle bestå av 12 lag i år og ikkje 10, noko som gjorde at både dei og Sunnylven/Stranda 2 stod i 5.-divisjon. Åmdal har variert veldig i vinter, frå stortap mot Sæbø til siger mot Ørsta. Rikken Grevsnes og Co. vil heilt sikkert variere veldig i serien også.

11. Ravn

Slo bra frå seg i 5.-divisjon i fjor. Men skal vi tru treningskampresultata i vinter får Vatne-laget kjempetrøbbel i år.

12. Sunnylven/Stranda 2

Jubla ikkje spesielt mykje for ny kontrakt i 5.-divisjon, noko som tyder på at dei like gjerne kunne tenkt seg å spele i 6.-divisjon. Tung sesong i fjor. Truleg ny tung sesong i år. Men merk at desse samarbeidslaga ofte tek ein del poeng tidleg i sesongen.

6.-divisjon Søre:

Opprykk: Lag 1

Nedrykk: Ingen

1. Tjørvåg

Eit ambisiøst lag som har uttala at dei skal rykkje opp. Klarte det ikkje i fjor. Vart nummer tre etter ein svak haust. Har forsterka laget, og får dei løyst keeperproblematikken blir Tjørvåg knappe opprykksfavorittar.

2. Haddal

Det mest spennande Haddal-laget på eit par tiår. Har bygd opp eit godt miljø. Og i fjor kom resultata også. Vart nummer fire etter ein sterk haustsesong. Klart. Dei er avhengige av sentrale spelarar som Gunnar Johann Ringstad, Vegard Moltubakk og Jørgen Gjerde for å halde flyten. Men med desse på plass kan Haddal lukte på eit opprykk.

3. Moltustranda/Gjerdsvika

Var ambisiøse før sesongen i fjor, men møtte kjapt kvardagen då serien starta. Enda på ein skuffande sjetteplass. Lars Petter Rønnestad sitt mannskap er betre budde i år. Viktige Yngve Gjerde er på plass frå start av.

4. Åheim

Fekk regelrett bank i 5.-divisjon i fjor, med til dømes 26-0-tap i Sykkylven. Vil hevde seg betre i 6.-divisjon. Skal visst ha fått tilgang på ein del bra spelarar. Men å rykke opp igjen trur vi Åheim verken kan eller vil – med det første.

5. Larsnes/Gursken FK 2

Har for vane å hamne rundt midten. Mønstrar som regel eit ungt mannskap som kan slå dei beste, men som varierer over ein heil sesong. Slik blir det nok i år også.

6. Hareid 2/Hjørungavåg

Eit nytt samarbeidslag, og måtte hell og lykke vere med dei som skal koordinere dette prosjektet (har også eit felles sjuarlag). Vil truleg få ei stor utfordring med å danne ein stamme i laget. Samtidig har dei tilgang på ein del bra spelarar, både unge og gamle, at HIL 2/HIL bør kunne legge bak seg eit par lag på tabellen.

7. Volda 2/Hovdebygda 2

Eit nytt lag som truleg krev ein del logistikk å styre. Vi veit strengt tatt veldig lite om kva spelarar som kjem til å vere med på dette laget, så vi set dei opp eit stykke bak i køen.

8. Kvamsøy/ÅVK 2

Sist i fjor med seks poeng. Skal ha all mogleg honnør for å stille lag år etter år trass i mange dårlege resultat. For dei fleste av motstandarlaga er den idylliske turen til Kvamsøya årets høgdepunkt i 6.-divisjon. Reint sportsleg fryktar vi ein ny sisteplass for Kvamsøy/ÅVK 2.

1.-divisjon junior:

Lag 1 blir krinsmeister

Ingen nedrykk (spelar kvalik om vintrane)

1. Aalesund

2. Hødd

3. Herd

4. Spjelkavik

5. FK Sykkylven

6. Bergsøy

7. Skarbøvik/Hessa

8. Rollon

4.-divisjon (kvinner):

Lag 1 blir krinsmeister

1. Hødd 2

2. Guard

3. Bergsøy

4. Herd 2

5. Ravn

6. Hareid

7. MSIL/Blindheim

8. Åheim/Selje