Oppsummering 1. omgang

TUIL fekk den første store sjansen, og Steffen Skogvang Pedersen var nære å banke inn 1-0 etter om lag fem minutt. Avslutninga gjekk derimot utanfor og Hødd slapp med skrekken.

Fem minutt seinare måtte Ole Amund Sveen halte av banen, etter å ha fått seg ein smell. Sveen vart då byta ut med Wrele, som dytta Bendik Torset opp på høgrekanten.

Midtvegs i 1. omgang fekk TUIL to store sjansar til å pirke ballen i mål etter eit hjørnespark, men Falch redda begge forsøka frå Jonathan Barlow. På avslutning nummer tre small ballen i tverrleggjaren.

Like etter fekk Espen Standal ein gavepakke av tidlegare lagkamerat Tobias Vibe som kolliderte med Eirik Bertheussen. Ørstingen klarte derimot ikkje å presse avslutninga under tverrleggjaren.

Det gjekk utruleg nok mot ein mållaus 1. omgang, men i omgangens siste speleminutt storma Victor Grodås i angrep. Venstrebacken spelte vegg med Ulland på sida og klinka ballen inn i det nærmaste hjørnet frå skrå vinkel.

Oppsummering 2. omgang

Berre to minutt ut i den andre omgangen dobla Ulland leiinga etter at han skrudde ballen inn via stolpen frå om lag 16 meters hald.

TUIL ville derimot ikkje gi opp og innbytar Øyvind Garfjell markerte seg etter ein times spel då han serverte Andreas Sletvold eit perfekt innlegg, som enda med ei redusering.

Det tok likevel ikkje lang tid før Hødd slo tilbake. Ulland stilte seg opp og skrudde eit perfekt frispark inn i det nærmaste hjørnet minuttet seinare.

Det utvikla seg til å bli ein neglebitar av ein fotballkamp, ettersom TUIL på nytt reduserte 15 minutt før full tid. Målet kom etter at Lysvoll på merkeleg vis fekk ballen inne i Hødds målfelt og drog seg forbi keeper Falch.

Heimelaget klarte aldri å utlikne leiinga til Hødd, og dei blåkledde starta haustsesongen på same måte som dei avslutta i vår.

Kampfakta:

1.-divisjonTUIL - Hødd 2-3 (0-1)TUIL ArenaTilskodarar: 494Dommar: Per Erik Haugen, RælingenGule: Råde (TUIL), Torset, Grodås, Tepuric (Hødd)Mål: 0-1 Grodås (45), 0-2 Ulland (48), 1-2 Sletvold (61), 1-3 Ulland (63), 2-3 Lysvoll (75)

Hødd: Aslak Falch - Andreas Rekdal, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Victor Grodås – Fredrik Aursnes, Bendik Torset - Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot (Franjo Tepuric 80), Ole Amund Sveen (Joakim Wrele, 11) – Espen Standal (Vegard Heltne 72)

Vi følgde kampen: