For søndag opna Hødd med 4-1-tap mot Brummundal, medan Kjelsås slo Herd 2-1 i same gruppe. Med tanke på avansement til a-sluttspelet måtte dermed Hødd ha tre poeng mot Kjelsås.

Flott scoring

1. omgang var mållaus. Men midtvegs i 2. omgang varta Bastian Rasmussen opp med ei perlescoring i krysset.

- Dei andre seier det var eit fint mål. Eg skaut frå om lag 20 meter, smiler Bastian beskjedent i møte med Vikebladet Vestposten etter den viktige kampen.

- Veldig viktig siger

For Bastian si scoring vart også den einaste i ein jamnspelt kamp. Med 1-0-siger er alt opp til Hødd før den avgjerande kampen mot Herd tysdag.

- Vi måtte vinne, så det var ein veldig viktig siger for oss. Eg synest vi vann fortent, sjølv om kampen kunne ha bikka begge vegar. Heldigvis var det vi som klarte det, forklarer Bastian Rasmussen.

- Kva er ambisjonane til Hødd G14 11-ar i årets Norway Cup?

- Først og fremst er det å nå a-sluttspelet. Det er det viktigaste, fortel Bastian.

Klar for sunnmørsduell

Og legg til at dei har kome i ei veldig sterk innleiande gruppe. Kampen mot Herd blir definitivt ingen "walk over".

- Vi har ikkje slått dei i serien i år så langt. Men vi har slått dei før. Mellom anna då vi vart krinsmeistrar i G13-klassen i fjor, minnest Bastian Rasmussen.