- Klart det var surt å få 1-1 i mot fem minutt før slutt. Men det var to gode lag som møtte kvarandre. Så det var greitt nok. Karane stod på og spelte ein god kamp, så vi er ikkje misnøgde med prestasjonen, seier trenar André Aurvåg Gardshol etter 1-1 mot Søgne måndag føremiddag.

Daniel Haanes sende Hødd opp i leiinga etter eit kvarter. Men det helt altså ikke heilt inn i det som truleg var ein slags finale i denne gruppa.

For etter to rundar ligg Hødd på topp med fire poeng - med betre målforskjell enn Søgne. Hødd treng berre eitt poeng mot Bækkelaget II tysdag for å vere sikre på avansement. Søndag tapte Bækkelaget II 5-0 mot Søgne.

- Bækkelaget skal vi klare å slå. Om vi vinn gruppa får vi ei gulrot med walk over i første runden i a-sluttspelet. Det betyr spelefri onsdag føremiddag, forklarer André Aurvåg Gardshol, som trenar dette Hødd-laget saman med Bård Ringstad.

Hødd G16 11-ar har fleire spelarar med 3.-divisjonserfaring i troppen. Så det skal bli spennande å følgje dei utover veka.

PS. Då Hødd slo gruppejumbo Tune IL 6-0 søndag kom måla ved Sande Djuprvik (2), Bendik Rise (2), Markus Gjerde og Eirik Saunes. Hødd spelte godt både offensivt og defensivt den kampen.