På førehand venta dei fleste ein jamn kamp. Men Hareid tok kommando frå start av. Dei gjekk rett frå avspark og fekk 1-0 ved Simon Holstad Grimstad. Isak Kristoffersen ordna 2-0 - før Dyre Vaa/Vinje reduserte. Men derifrå og ut handla det berre om Hareid. Grimstad og Kristoffersen scora eitt til kvar, i tillegg til at Olav Håberg Dimmen fann nettmaskene. Dermed vann Hareid 5-1, noko som gav gruppesiger.

Godt nøgde

- Ein veldig flott kamp. Vi spelte godt i dag. Derfor var siffera store. Vi spelte betre i dag enn i vår første kamp mot Fjellhamar, seier kaptein Simon Holstad Grimstad til Vikebladet Vestposten etter kampen.

Og får støtte av trenar Benjamin Slettebakk:

- Ein utruleg god kamp. Perfekt gjennomført både taktisk og med tanke på konsentrasjon, skrytte Slettebakk.

- Mitt beste lag

Simon Holstad Grimstad seier målet til laget er å gå så langt dei klarer i a-sluttspelet. Benjamin Slettebakk har trass i sin unge alder vore trenar for alderbestemte lag i fire-fem år.

- Eg har aldri trena eit så bra lag som dette gutelaget. Så eg gler meg til framhaldet, seier trenaren.

Få innbytarar

Det som kan bli eit problem for Hareid G16 II (sjuar) er at dei berre har ni spelarar i bruttotroppen. Mot Dyre Vaa/Vinje hadde Håvard Øvrelid karantene, medan Håvard Knudsen Bjåstad vart skadd. Så periodar av kampen hadde dei ingen innbytarar.

- Det betyr jo at vi får mykje speletid. Men helst skulle vi hatt eit par spelarar til, meiner Simon Holstad Grimstad.

Klokka 17.30 onsdag spelar Grimstad og Hareid 1/16-finale i a-sluttspelet. Men kven dei skal møte er enno ikkje klart.