Og etter eit dramatisk døgn enda det med at Hareid G16 I (sjuar) blir eitt av dei.

For dette Hareid-laget opna ikkje turneringa før måndag kveld. Då tapte dei 1-0 mot Rosendal. Men ein 6-1-siger mot Bogehausen tysdag morgon sende Hareid tilbake på sporet. Status etter at dei fire laga i gruppa hadde spelt to kampar var at alle hadde tre poeng. Og Hareid hadde best målforskjell- og leia derfor gruppa.

Det betydde igjen at uavgjort mot Gjøvik-Lyn i siste kamp på Abildsø ville halde til plass i a-sluttspelet. Og det begynte så lovande for Hareid. Kristen Haddal Røssevoll ordna både 1-0 og 2-0 i ein god 1. omgang. Men etter pause var det tydeleg at det harde kampprogrammet spelte inn på innsatsen til Hareid-karane. For då tok Gjøvik-Lyn fullstendig over og skapte den eine sjansen etter den andre. Det avgjerande 3-2-målet deira kom rett nok seint i kampen. Men ut frå spel og sjansar etter pause kunne Hareid like gjerne tapt både 4-2 og 5-2.

Uansett. Det blir b-sluttspel på dette Hareid-laget. Det var dei nok veldig skuffa over etter Gjøvik-Lyn-kampen.

- Men vi skal riste av oss dette og gjere eit godt b-sluttspel, varslar trenar Ørjan Engen Grimstad.