Hødd har sidan november måtte klare seg utan midtbanespelaren Erik Sandal. Etter ein lang og stillesitjande vinter, har 31-åringen no endeleg eit tidsperspektiv på når han er tilbake på banen.

- Eg blir skuffa om eg ikkje er tilbake i spel innan tre veker. Det er det som er målet mitt. Eg vil likevel ikkje stresse fram dette, seier Sandal.

Han er derimot spent på om korleis fotballforma vil vere når han er tilbake i spel igjen.

- Det er 8-9 månader sidan eg var på banen sist, så det blir spanande, smiler ringreven lurt.

Snarare enn forventa

Etter å ha starta sommaren med så å seie skadefri tropp, har Hødd måtte tole skader på enkelte førstelagsspelarar.

Sist i rekkja var Ole Amund Sveen, som rekna med at han ville vere ute i fire til åtte veker etter at han måtte forlate banen mot Tromsdalen. No reknar han med ein langt snarare retur.

- Eg var heilt sikker på at det var ein strekk, men det viser seg å vere noko anna. Det er vanskeleg å forklare akkurat kva det er, men det er ein væskepose som har gått hol på, seier den tidlegare Strømsgodset-spelaren.

- Når reknar du med å vere tilbake?

- Det er nok litt for tidleg mot Ull/Kisa, men det har gått overraskande fort. Så eg håper å vere tilbake neste helg, seier ein optimistisk Ole Amund Sveen, som brukte treninga til å springe rundt treningsfeltet - utan problem.

- 100 prosent

Ein annan spelar som er på veg tilbake, er Joachim Magnussen. Spissen har vore ute av spel så langt denne hausten, etter at han har slite med ein skade i hoftepartiet.

No seier han at det kjennast bra ut, og reknar med snarleg retur.

- Eg håper å vere tilbake i spel mot Bærum neste veke, seier den høgreiste herøyværingen.

Også Franjo Tepuric fortalde til Vikebladet Vestposten at han kjenner seg i fin form.

- Alt er bra. Eg føler meg 100 prosent frisk igjem, stadfestar den strekkplaga kroaten.

Søndagens kamp på UKI Arena kan du følgje direkte på vikebladet.no