Etter å ha prata ein time med det store friidretttalentet er det ganske slåande kor avslappa Karsten er. Ikkje heilt ulik Fredrik Aursnes som type, tenkjer eg. Karar som leverer store ting på idrettsbana, men som liksom aldri tek av. Det som skjer det skjer, same om det er VM-gull eller NM-gull. Og framtida blir som framtida blir.

Skal takle presset

I fjor slo Karsten Warholm gjennom for fullt då han vart U18-verdsmeister i åttekamp. I år deltek han i tikamp i U20-VM i Eugene i USA, mot nye og eldre konkurrentar. Og ja. Det kan bli medalje igjen. Karsten er god nok til det om alt klaffar. Men først mot slutten av intervjuet opnar 18-åringen for at han kjenner eit lite snev av press.

- I fjor var eg ein underdog. Eg reknar med at det er fleire som følgjer meg med i år, og tenkjer at «det kan skje igjen». Så eg føler kanskje eit litt større press i år. Men det skal eg takle greitt, smiler Karsten.

Då vi intervjua han like før jul sa Karsten at han var budd på mindre progresjon i 2014. Men neida. Karsten har levert ein forrykande vårsesong med ei rekkje personlege rekordar (mellom anna i alle øvingane i tikamp), a-landslagsplass og mykje nasjonal merksemd.

Trena på Osnessanden

Han må ha hatt ein god treningsvinter, tenkjer eg. Og Karsten er for så vidt einig i det. Han har vore lite skadd. Men utan ein normal idrettshall har det vore utfordrande å få gode nok treningsforhold gjennom vinteren. Løysinga vart Osnessanden.

- Der var vi på det jamne ein gong eller to i veka. Det var heldigvis mildt i vinter, så vi fekk trena mykje ute. Men sånn i utgangspunktet var ikkje forholda i vinter ein fordel, meiner Karsten sjølv.

400-meteren i Florø med ny pers på smått utruleg 46.31 er kanskje Karstens beste prestasjon i vår. Men 200-meteren på Bislett 21.34 let seg også høyre. Det same med tredjeplassen på 400-meteren under landskampen i Estland, der han også som ankermann på 4 x 400-stafetten sikra opprykk til Super League for Norge.

- Alle er forskjellige

Å spå korleis Karsten vil gjere det i Eugene 22. og 23. juli (NB.  Faktisk 22. til 24. juli med norske tidspunkt) er vanskeleg. Lite skal til for at alt kan skjere seg. Med god klaff kjempar Karsten fort om medalje.

- Alle tikjemparane er forskjellige. Nokre er spesielt gode i kastøvingane. Nokre er jamt gode på alt. Og andre er som meg - best i sprintøvingane, forklarer Karsten.

Som også må levere i stavsprang - ei øving som var heilt ukjent for han før i år. Men 18-åringen får til det meste. Karsten tek heile tida nye steg, sjølv om han også er godt budd på at motgangen ein dag vil kome.

- Det må eg berre vere. Eg har vore heldig som har vore lite skadd så langt, seier Karsten.

Ferie etter VM

13. juli reiser han til USA og Eugene saman med trenar Arve Hatløy. Familien blir også med bortover. Han ferierer saman med dei i i USA éi veke etter VM. I august blir det kanskje deltaking i senior-EM. Men det får Karsten ta stilling til seinare. No skal han førebu seg optimalt til U20-VM. Og 24. juli klokka 06.15 - norsk tid - veit vi om Karsten Warholm har skrive signaturen sin i den norske friidrettshistoria med gullskrift - endå ein gong.

*

Karsten Warholm sine personlege rekordar i dei ti mangekamp-øvingane:

100-meter: 10.81 (Göteborg. Lengde: 7.45 (Göteborg). Kule: 11.68 (Bergen). Høgde: 2.05 (Bergen). 400-meter: 46.31 (Florø). 110-meter hekk: 14.05 (Göteborg). Diskos: 37.33 (Byrkjelo). Stav: 4.20 (Tyrvingleikane). Spyd: 44.13 (Sandnes). 1500-meter: 4.52.81 (Sandnes) (Alle 2014.)