Oppsummering1. omgang

Hødd komførst ut av startblokkene og Joakim Wrele testa skotfoten allereie etter treminutt. Keeper Pedersen fekk derimot boksa ballen ut til eit hjørnespark.

OgsåEirik Ulland Andersen hadde ei brukbar moglegheit til å finne opningsmåletetter knappe ni minutt då han drog seg fri på venstresida, men avslutninga vartaltfor enkel for Pedersen.

Etter eiperiode med mykje Hødd-dominans fekk bortelagets Andrija Kaluderovic avsluttafrå langt hald. Skotet hadde god retning, men gjekk eit par meter til side forFalchs venstre stolpe.

Med 17minutt passert kombinerte Joakim Wrele, Vegard Heltne og Fredrik Aursnes godtpå venstresida. Sistnemnde slo inn i boksa, der Andersen venta på nesten blankhald. Avslutninga gjekk derimot rett på Pedersen – som slapp billig unna dennegongen.

Andersenvar frampå igjen midtvegs i omgangen då han vart tredd igjennom på høgresida,men ein forsvarar fekk kasta seg inn i siste liten og klarert til hjørnespark.

Etterhalvtimen kom Hønefoss meir med i kampen, utan å lykkast nemneverdig i sistetredjedelen av banen.

Seksminutt før pause prøvde Aursnes å få sitt første spelemål med eit langskot.Forsøket gjekk derimot ein liten meter over og til sidan for målet.

Like førpausesignalet fekk Andersen slått inn frå ein liggande posisjon, men Brandalbrukte litt for lang tid på å få kontroll på innlegget og ein forsvarar fekkblokkert avslutninga.

Oppsummering2.omgang

Førstehalvskumle sjansen etter pausen kom i det 52. speleminuttet, då JesperTörnqvist heada ein corner mot mål. Aursnes prøvde å forlenge ballen i mål, menvippa ballen over tverrleggjaren.

OgsåHønefoss kom seg til ein brukbar sjanse minuttet seinare då Roope Riski drogseg inn frå høgre. Avslutninga vart derimot altfor svak, og Falch hadde ingenproblem med å redde forsøket.

Wrele varlysten på ei scoring, og testa nok ein gong skotfoten med 56 minutt spelt, menogså denne gongen fekk Pedersen slått ballen ut til hjørnespark.

Ole AmundSveen var berre eit stolpetreff unna å heade Hødd i leiinga etter 65 minutt. Påreturen klinka Steffen Moltu til, men avslutninga strauk tverrleggjaren påvegen over.

Hønefossvar nære å gjere det same like etter då Kristjan Ørn Sigurdsson kom først påeit hjørnespark frå høgre, men headinga hans gjekk ein liten meter til side formål.

Høddtrudde dei skulle få ei gylden moglegheit til å ta leiinga då Espen Standalvart felt inne i straffefeltet eit drygt kvarter før full tid. Ein elles sikkerFredrik Aursnes missa derimot etter ei god redning av Pedersen.

At Høddikkje sikra seg tre poeng med tre minutt igjen å spele er nesten eit under. Eiklarering gjekk rett i ein Hødd-spelar på femmeteren, men ballen sneik seg påutsida av stolpen.

Ingen avlaga klarte å lure seg forbi målvaktene, og det enda dermed mållaust påHøddvoll.

Kampfakta1.-divisjon runde 8Hødd – Hønefoss0-0 (0-0)HøddvollTilskodarar: 1687 selde billettar og sesongkortDommar: PerErik Haugen, RælingenGule kort: Brandal(Hødd) Kildentoft, Aas, Kaland (Hønefoss)Hødd: Aslak Falch - Jonas Ingebrigtsen,Steffen Moltu, Jesper Törnqvist (K), Ruben-Kenneth Brandal - Fredrik Aursnes,Joakim Wrele - Ole Amund Sveen, Eirik Ulland Andersen, Vegard Heltne (BenjaminKleppe 81) - Joachim Magnussen (Espen Standal 73)