Først var Urke klønete som gav Tromsdalen ein corner.

- Eg fekk sola i auga. Men det var likevel dårleg av meg, seier Hødd-keeperen.

- Blanda kjensler

Deretter kunne det sjå ut som Urke laga sjølvmål då corneren vart slått inn i feltet.

- Det var ein spelar som heldt meg i handa, slik eg berre fekk boksa med ei hand. Då gjekk ballen mot mål. Om nokon var borti den etterpå veit eg ikkje. Eg burde uansett fått frispark i den situasjonen. No sit eg igjen med blanda kjensler, seier ein skuffa Jan-Lennart Urke til Vikebladet Vestposten.

- Dårleg betalt

Uavhengig om Tromsdalen sitt mål burde blitt annullert eller ei. Hødd hadde fleire sjansar dei siste 20 minutta til å avgjere kampen.

- Eg føler vi fekk dårleg betalt i dag ut frå kor mange sjansar vi skapte. Utover i 2. omgang spelte vi tidvis veldig bra fotball. Dessverre kom aldri 2-1-målet. Vi hadde marginane mot oss i dag, meiner Hødd-keeper Urke.

- Fire poeng etter du kampar. Er de nøgde med det?

- Sjølvsagt er det for dårleg med berre eitt poeng i dag. Her heime på Høddvoll skal vi ta poeng. Men vi får berre nullstille oss, seier "Jalle".