I strålande fin vårsol gjekk laga inn på bana, og PostNord-ligaen 2018 kunne ta til både for Stjørdals-Blink og Hødd sin del då dommar Thomas Solum Lystad sette i gang kampen. Hødd hadde favorittstempelet på seg før oppgjeret.

Både Marius Hagen og Joachim Osvold starta sin første offisielle kamp for dei blåkvite i dette oppgjeret, og Hødd gjekk respektlaust til verks frå start av. Starten var litt forsiktig frå begge lag, og ein merka raskt at heimelaget likte seg best lågt i banen. Første skotet for Hødd var det Daniel Eid som stod for, men ballen gjekk langt, langt over mål frå distanse.

Men, i det 15 speleminutt sat den i kassa! Daniel Eid fekk ballen skrått for mål, like utanfor sekstenmeteren, og klinka inn i feltet på direkten. Der fekk Steffen Moltu, som var på veg i full fart inn i feltet, pannebrasken på ballen og stanga den i mål til 0-1. Ballen kom knallhardt mot mål frå Moltu som var inne i femmeteren, og gjekk like over keeper. Heimelaget sin sisteskanse makta altså ikkje å forhindre at Hødd scora sitt fyrste mål for sesongen.

Etter målet trykte heimelaget på for å utlikne. Hødd blei med det pressa bakover, og måtte forsvare seg mot fleire angrepsbølgjer frå raudtrøyene. Etter 23 minutt var Bendik Rise uhyre nær ved å gi Hødd ei tomålsleiing. Han kom til slutt åleine med keeper, men avslutninga blei for upresis, og gjekk ut.

Nokre minutt seinare blei ballen spelt flott fram til Joachim Osvold. Diverre gjekk avslutninga til side for mål. Like etter halvtimen var spelt hadde heimelaget sjansen til å utlikne, men eit skot frå ein i utgangspunktet farleg posisjon, like innanfor sekstenmeteren, gjekk over mål. Då det byrja å nærme seg 40 minutt hadde Hødd ein like farleg sjanse, men også her vart avslutninga for dårleg. Omgangen ebba ut på stillinga 0-1, og Hødd hadde med det eit godt utgangspunkt framfor andre omgang.

Haugan dobla leiinga

Joachim Osvold gjekk rett i angrep etter at dommare bles i gang omgangen, men lukkast ikkje med å putte Hødd sitt andre mål for dagen. Daniel Eid forsøkte seg ikkje lenge etter, men heller ikkje dette var vellukka. Men så, etter 51 minutt, skulle Hødd-forsvarar Eirik Haugan gjere vondt verre for Stjørdals-Blink. På eit langt innkast frå Daniel Eid, som fekk gå uhindra gjennom store delar av sekstenmeteren til heimelaget, var Haugan resolutt. Han stanga inn 0-2, og Hødd hadde no eit litt meir komfortabelt grep om kampen.

Etter 55 minutt kunne Marius Hagen fiksa Hødd større leiing over heimelaget, men avslutninga på pasninga inn frå Bendik Rise var for dårleg. Heimelaget prøvde å svare, men avslutningane blei for svake. Hødd-keeper Ole Monrad Alme hadde rimeleg grei kontroll på det som kom av skot og innlegg.

Debutanten sikra tre poeng

I det 69. speleminuttet blei Joachim Osvold erstatta av Eirik Franke Saunes, og Andreas Breimyr av nykomaren Markus Naglestad. Sistnemnde ein spanande angripar, som kan komme til å score mange mål for Hødd om han kjem i kampform. I den fyrste perioden etter byta var det ikkje mykje som skjedde, utanom eit par upresise skot frå distanse. Det blei kriga mykje om ballen på midten. Badr Rahhaoui blei sett på etter 80 minutt, og erstatta med det Bendik Rise, som kriga godt i seriepremieren.

Så, åtte minutt før full tid, skulle nykomlingen Markus Naglestad, mannen med eit vanvitig scoringssnitt dei siste åra, score i sin debut. Han fekk ballen like utanfor Stjørdals-Blink sin sekstenmeter, stilte inn siktet, og banka til mot mål. Ballen gjekk heilt nede langs bakken og godt plassert i mål til 0-3. Det var det siste av større hendingar i dette oppgjeret, og med det har Hødd sikra seg ein super start på sesongen i PostNord-ligaen 2018!

Kampfakta

PostNord-ligaen 2. divisjon

Stjørdals-Blink – Hødd 0 - 3 (0 - 1)

Nye Blinkbanen

Tilskodarar: 408

Dommar: Thomas Solum Lystad, Kolstad Fotball

Gule kort: Børge Sonflå (Stjørdals-Blink)

Mål: 0-1 Steffen Moltu (15), 0-2 Eirik Haugan (51), 0-3 Markus Naglestad (82)

Hødd (3-5-2): Ole Monrad Alme - Eirik Haugan, Henrik Breimyr, Steffen Moltu, - Daniel Eid, Joakim Wrele, Marius Hagen, Andreas Breimyr (F. Saunes, 69), Preben Sætre - Bendik Rise (Rahhaoui, 80), Joachim Osvold (Naglestad, 69)

Innbyte: Jonas Mathiesen, Markus Naglestad, Badr Rahhaoui, Johannes Sundgot, Eirik F. Saunes.