- Vi spelte ingen stor kamp i dag. Men vi var betre enn Tromsdalen. Den siste halvtimen køyrde vi på og skapte mange sjansar. Vi kunne fått både 2-1 og 3-1. Vi tek med oss den gode perioden. Dei første 60 minutta gjekk det meir i rykk og napp for oss. Tromsdalen skapte veldig lite. Eg kjem ikkje på andre store sjansar enn målet deira, seier Eid etter kampslutt.

Kor vidt Tromsdalen si scoring burde blitt annullert for halding er ikkje Hødd-trenaren sikker på. Men han lurer på om Jan-Lennart Urke vart halden i eine handa då han skulle bokse ballen. Sjølv bekreftar Urke dette til lokalavisa.

Etter to serierundar står Hødd med fire poeng. Det synest den nye hovudtrenaren Sindre Eid er heilt greitt.

- Ja, totalt sett over to kampar er det OK. Men vi kunne også ha stått med seks poeng, meiner Eid.

Hødd-spelarane får ingen lang påskeferie i år. Dei tek fri tysdag, før det blir trening for dei som er heime onsdag. Frå torsdag av startar oppkøyringa mot Fredrikstad-kampen andre påskedag for fullt.