Hareid gjekk ut i hundre borte mot Ørsta fredag. Bortelaget sine spelarar var aggressive i presset og tøffe i duellane , og såg ut til å ville stresse Ørsta mest mogleg i byrjinga av kampen. Det fungerte også godt og heimelaget fekk ikkje til det heilt store, men hadde kampens første halvsjanse etter ein corner då fem minutt var spelt.

For heimelaget blei det noko dramatisk då keeper Martin Liaskar fekk ein finger ut av ledd allereie etter ti minutt. Han måtte ein tur til lege for å få fingeren på rett plass og Iver Vinjevoll måtte ta over.

Det var Ørsta som skapte dei fleste sjansane før pause og dei hadde nokre fine moglegheiter til å ta leiinga, men effektiviteten var ikkje på plass. Hareid hadde sine forsøk, men utan at det verkeleg blei farleg. Ikkje før det var spelt 39 minutt.

Hareid rulla først fint opp på si venstreside, men Bendik Engen vart takla før han fekk lagt ballen inn framom mål og Hareid fekk corner. Kaptein Ola Kalvø Vattøy slo presist inn framom mål der Martinus Bakken skaffa seg nok rom til å få avslutta. Headinga frå Bakken var godt plassert og gjekk inn i det lengste hjørnet. 0-1 og Hareid kunne gå til pause med leiinga.

Tremålsscorar

Ørsta-trenar Vegard Heltne gjorde tre byter frå starten av den andre omgangen og han fekk kjapt betaling. Heimelaget tok nemleg fullstendig kommandoen i opningsminutta og det tok ikkje lang tid før 1-1 var eit faktum. Ein fin overgang på høgresida enda med innlegg framom mål der Knut Erik Myklebust stupte inn 1-1.

Berre få minutt seinare fekk Ørsta straffe, men målscorar Myklebust brente ballen utanfor mål og Hareid kunne puste ut ei lita stund.

Myklebust skulle likevel få sitt andre mål, denne gongen etter ein corner. Då kunne ein frykte at lufta ville gå litt ut av Hareid, som hadde kjempa heroisk så langt, men i staden tok bortelaget meir tak i kampen 2-1 målet. Ola Kalvø Vattøy sette ballen i stolpen direkte frå corner, medan Kim André Alvestad sette ballen like over med ein lobb frå 14 meter etter ein seinare dødball.

Hareid-spelarane kjempa til krampa tok dei, men sleppte heimelaget til nokre store sjansar og seks minutt før full tid skulle Knut Erik Myklebust sette punktum med sitt tredje mål for kvelden. Fint spel i forkant av Sverre Sætre Orten gav Myklebust sjansen til å sikre seg hat-trick i serieopninga.

Det var surt for Hareid, som løfta seg fleire hakk i perioden mellom 2-1 og 3-1, men samstundes skapte Ørsta nok til at dei kunne ha scora eit par til, og heimelaget hadde også to mål annulert for offside.

Totalt sett var det difor greitt nok at poenga blei igjen i Ørsta denne kvelden, men Hareid viste også positive teikn etter ei utfordrande oppkøyring.

Nervøs trenardebutant

For Vegard Heltne var kampen mot Hareid den første offisielle som trenar etter at han tok over 4.-divisjonsklubben i vinter. Heltne vedgår at det vart ein del nervar i debuten.

- Eg var frykteleg nervøs før kampen, og så har vi ikkje vår beste kamp i år. Samstundes var eg ikkje spesielt bekymra, for vi skapar alltid mykje sjansar og det handla eigentleg berre om når det skulle losne. Men det var ikkje nokon god kamp av oss, fortel Heltne.

Han trur Ørsta-laget hadde litt høge skuldre og vart litt stressa i serieopninga. I tillegg såg det ut til at Hareid ønskte å "sjokke" ørstingane frå start.

- Vi var klare over at Hareid ville kome ut i hundre, men likevel såg det ikkje ut til at vi var førebudde på det. Vi klarer likevel å ri det av og har nokre store sjansar før dei scorar. Dei sjansane er nok det som gir oss trua på at vi skal score. Tidvis har vi banespelet, men det blir for mykje "hawaii" i store periodar. Det passar oss ganske dårleg. Vi likar å kontre, men når vi har kontroll i lavt press, ikkje slik som det vart i dag, fortel Heltne.

Ørsta-trenaren slår fast at laget hans vann fortent til slutt, men han synest Ørsta fekk god kamp frå Hareid.

- Det var heilt ope heilt til vi scorar det tredje. Sjølv om vi skapar flest sjansar så synest eg Hareid er gode. Hadde ikkje vi heva oss det vesle hakket i andreomgangen så trur eg vi hadde tapt, seier Heltne.

Gjorde sitt beste

Der Heltne kunne juble for tre poeng i serieopninga måtte Kenneth Moldskred og Hareid-spelarane reise tomhendte heim, men det var ikkje fordi bortelaget ikkje gjorde sitt ypparste.

- På mange måtar var dette strålande. Eg kan ikkje krevje meir enn at dei og vi gjer vårt absolutt beste, og det gjer vi. Alle forstår at det er kjekkare å få poeng og å vinne, enn å ikkje få det, men uansett om vi vinner kampar eller ikkje så må vi hugse målsettinga vår for sesongen og for kvar kamp. Spelarane gjorde sitt absolutt beste i dag og det synest eg det står all mogleg respekt av etter ein kamp mot eit nokolunde etablert Ørsta-lag med medvind i segla frå i fjor. I dag var dei temmeleg "shaky" i store periodar av kampen og eg synest det var fortent at vi leia til pause, fortel Moldskred.

Han legg til at spelarane kanskje blei i overkant ivrige etter den første omgangen.

- Det var litt for god stemning i garderoben i pausen og det er mykje ungdommeleg entusiasme. Den skal vi halde fram med å ha masse av, men vi blir litt "øsne" i starten av den andre omgangen. Då vart vi litt opne på overgangar imot. Vi kjempar heile kampen, så godt som vi kan, men dei snur kampen på dødballar og ein strålande overgang, seier Hareid-trenaren.

Litt hektisk

Laget hans har fått lite kamptrening i oppkøyringa. Det såg ein tidvis mot Ørsta, men Moldskred meiner kampen viste at ein har eit godt utgangspunkt.

- Dersom dette er startpunktet vi har å jobbe utfrå, så er eg veldig fornøgd med det. Samstundes ønskjer vi å ha den samme lidenskapen i kvar kamp som vi hadde i dag. Det må vi også få til neste fredag.

Vegard Heltne meinte det tidvis blei mykje "hawaii", og det kunne sjå ut til at Hareid sleit med å roe ned spelet med ballen i laget. Det blei ofte slått tidleg opp mot dei offensive spelarane, i staden for å halde på ballen.

- Det blir litt hektisk. Det er mange som spring fort veldig mange gangar i løpet av denne kampen. Det er litt sånn denne divisjonen av og til er, og litt er det slik spelestilen vi ønskjer å ha er, men det har også litt med rutine og ro, der ein skal kunne vere litt rolige med ballen før vi setter full fart framover. No blir det litt oppjaga. Det har litt med stillinga, litt med første seriekamp og litt med alder å gjere, seier Moldskred.

Hareid har ein ung tropp denne sesongen og fredag debuterte både Andreas Nesset jr. og Bendik August Engen i seriesamanheng for laget.

Kampfakta:

4.-divisjon, runde 1

Ørsta - Hareid 3 -1 (0-1)

Aurstad Arena Kunstgras

Dommar: Haakon Javier Tronstad

Gult kort: Fredrik Andresen

Mål: 0-1 Martinus Røyset Bakken (39), 1-1 Knut Erik Myklebust (49), 2-1 Knut Erik Myklebust (56), 3-1 Knut Erik Myklebust (84)

Hareid: Fredrik Lonbakken - Fredrik Andresen, Benjamin Reite, Antoni Gardshol, Henrik Holstad - Augsut Brandal, Ola Kalvø Vattøy, Bendik Engen, Andreas Nesset jr., Kim André Alvestad - Martinus Røyset Bakken.

Innbyttarar: Håvard Knudsen Bjåstad, Markus Hareide.

Andre resultat i 4.-divisjon:

Emblem - Valder 4-1 (torsdag)

Volda - FK Sykkylven 5-1

AaFK 2 - Bergsøy 1-0

Larsnes/Gursken - Rollon 0-1

SIF/Hessa - Godøy (blir spelt laurdag)