Etter to innhopp i Obosligaen i 2016, fekk Bendik Rise sin første seriestart borte mot Vard Haugesund 17. april. Sidan serieopninga har Rise vore eit fast innslag i Sindre Eid sin førsteellevar. Laurdag er Vard Haugesund igjen motstandar, og no satsar Rise på at det også skal bli siger for Hødd, og at laget skal kunne ta ei lita sommarpause med to trepoengarar på rad.

– Det var godt at vi endeleg fekk ein siger igjen sist. Det var viktig no før ferien, og med ein siger i morgon så får vi eit godt grunnlag før haustsesongen, seier Rise.

Har samla krefter

Han fortel at Hødd har hatt ei temmeleg roleg veke etter 2–0 sigeren over Egersunds IK. No har det handlar om å samle mest mogleg krefter og energi før møtet med Vard Haugesund.

– Vi har eigentleg berre hatt ei hard økt denne veka. Elles har vi mellom anna kopla av med ein tur i Sunnmørsbadet. Det har hovudsakleg handla om å spare energi, seier midtbanespelaren.

Rise meiner Hødd skal ha bra kontroll på kva laurdagens motstandarar kjem med til Høddvoll, og han legg til at han sjølv har plukka med seg ein del erfaring sidan han fekk første starten i serieopninga.

– Vi veit kva som kjem, men veit også at det ikkje berre blir enkelt, seier Rise.

Mot Egersunds IK tok Hødd vare på sine sjansar, medan ein også klarte å halde tett bakover. Det meiner Rise har gitt sjølvtillit i gruppa før møtet med Vard.

– Vi kan ta med oss mykje positivt frå den kampen, og skal prøve å få til det same denne gongen. Ein siger til no, så får vi med oss ei god kjensle inn i ferien og ikkje minst fram mot haustsesongen, seier Rise.

Har vore gjennom ei omstilling

19-åringen håpar Hødd skal klare å levere ein betre andre halvdel av sesongen.

– Vi har vore ustabile i periodar, men det er ikkje berre lett å rykke ned og så byrje å vinne mange kampar igjen. Det er ei omstilling, men eg trur vi kan vise at vi har meir å gå på utover i sesongen, seier Rise, som meiner relasjonane etter kvart har byrja å sette seg i eit lag der det vart mange endringar før sesongstart.

For Vard Haugesund manglar både Andreas Ulland Andersen og Tom Undheim med karantene. Det same gjer Badr Rahhaoui for Hødd. Torbjørn Kallevåg, Martin Mork Breivik og Daniel Eid er alle uaktuelle grunna skader, men frå sist kamp er både Magnus Myklebust og Andreas Breimyr tilgjengelege igjen for Hødd.