Espen Standal scora sitt første mål for året mot Sogndal sist helg. Han måtte dessverre gå av bana allereie etter fem minutt mot Træff. Men Hødd fekk frispark i situasjonen Standal vart skadd. Og det banka Eirik Ulland Andersen opp i næraste kryss. Dermed har også Andersen opna årets scoringskonto.

- Det var herleg å score på frispark, smilte den offensive spelaren etter kampslutt.

- Passar oss bra

Seinare i kampen scora både Fredrik Aursnes (straffe), Robin Hjelmeseth, Victor Grodås og Robin Shroot. Hødd hadde stort sett kontroll frå start til mål og vann full fortent 5-0. Greitt nok at Træff spelar i 2.-divisjon. Men mykje kan tyde på at Hødd har funne forma i tida før seriestarten om åtte dagar. Eller - er det formasjonsendringa til diamant på midtbana som gjer at det sprudlar mykje meir av Hødd no enn på La Manga tidlegare i mars?

- Eg trur det er litt begge deler. Fleire spelarar har kome i form. Det var mange som sprang mykje i dag. Samtidig trur eg denne formasjonen passar oss bra. Vi varta opp med fleire fine angrep i dag, seier Eirik Ulland Andersen.

Og legg til at ein aldri skal legge for mykje i treningskampresultata.

- Ein god generalprøve

Uansett var Hødd-trenar Sindre Eid godt nøgd etter storsigeren mot Træff.

- Vi var veldig "på" frå start av. Det er viktig i slike kampar. Vi hadde gode rørsler og bra balltempo. 1. omgang var god, sett vekk frå ein periode midtvegs der Træff kom meir med. 2. omgang var jamt over bra av oss. Totalt sett spelte vi ein god generalprøve. Men HamKam borte i serieopninga om åtte dagar blir sjølvsagt noko heilt anna, presiserer Eid.

- God formstigning

Sjølv om det var og skal vere divisjonsforskjell mellom Hødd og Træff, meiner venstreback Victor Grodås "det alltid er ei god kjensle å vere betre enn motstandaren". Grodås har vore ein av Hødds beste spelarar i år og varta opp med ei klassescoring mot Træff. Etter 56 minutt banka han ballen i vinkelen frå om lag 20 meter.

- Det var ei grei gjennomkøyring både for min og lagets del. Vi har hatt god formstigning utover vinteren. Det ser ut som vi har treft betre med forma i år enn tidlegare. Det har skjedd før at vi har vore gode på La Manga, men fått ein svak start på sesongen. I år var vi ikkje gode der nede, men har spelt oss opp i etterkant. Det lovar bra, seier Grodås til Vikebladet Vestposten.

- Alle Hødd-spelarane vi har snakka med har sansen for diamantformasjonen de har brukt mot Sogndal og Træff. Er du einig?

- Ja, det fungerer godt. Spelet flyter betre når vi brukar to spissar. Vi har skapt meir med denne formasjonen enn vi gjorde tidlegare i år.

Kan variere formasjon

Også trenar Sindre Eid er godt nøgd med diamantformasjonen, og føler no at Hødd har to formasjonar dei meistrar godt. Det gjer at dei kan variere utgangsformasjonen ut frå kven dei møter i serien.

- Dessutan kan vi forandre formasjon undervegs i kampane utan å byte spelarar. For vi har mange som kan spele i ulike posisjonar på dette laget, seier Eid til lokalavisa.

KampfaktaTreningskamp, 30. marsHødd - Træff 5-0 (2-0)Haddal IL stadionTilskodarar: 110Mål: 1-0 Andersen (3), 2-0 Aursnes (45, straffe), 3-0 Hjelmeseth (47), 4-0 Grodås (56), 5-0 Shroot (82)Dommar: Even Myrheim, EmblemGult kort: Vegard Heltne (Hødd)Hødd (4-4-2): Jan-Lennart Urke - Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist (K), Steffen Moltu, Victor Grodås (Ruben-Kenneth Brandal 76) - Fredrik Aursnes, Andreas Rekdal (Nils-Erik Engen 80), Eirik Ulland Andersen, Vegard Heltne (Ole Amund Sveen 65) - Robin Hjelmeseth (Robin Shroot 65), Espen Standal (Henrik Grimstad 5) (Benjamin Mork Kleppe 85).