- Eg er altfor uegoistisk. Eg må prøve å bli meir ego og skyte oftare sjølv, seier ørstingen.

Like før pause vart han spelt gjennom åleine mot TUIL-keeperen. Men i staden for å skyte sjølv valde han ei pasning mot Joachim Magnussen - som ikkje nådde fram.

Filming

Det var ikkje den første duellen mellom Standal og Eirik Sørensen denne kampen. Etter sju minutt fekk Hødd-spissen gult kort i eit forsøk på å passere TUIL-keeperen. Eller?

- Var det for filming, Espen?

- Ja, eg fekk det gule kortet for filming. Kanskje var det filming. Men han var borti meg. Så det var ein slags refleks at eg gjekk i bakken. Derfor synest eg det var strengt med gult kort. Men oppfattar dommaren det som filming så skal eg ikkje henge meg meir opp i det, forklarer Espen Standal.

- Som eit tap

Han synest Hødd fekk dårleg betalt poengmessig mot Tromsdalen.

- Vi er sjølvsagt ikkje nøgde med 1-1 i dag. Det hadde vore annleis om Tromsdalen scora først og vi utlikna. Men sidan vi scora først og det blir 1-1 følest det som eit tap, seier Standal.

Som vart bytta ut kvarteret før slutt.

- Eg sat inne og såg slutten av kampen. Tromsdalen var nesten aldri over midten. Men slik er det. Vi måtte berre slå langt for å prøve å få sigersmålet, seier Espen Standal.

- Stor forskjell

- Tromsdalen nytta vel eigentleg den same oppskrifta i dag som Hødd brukte på slutten av HamKam-kampen?

- Ja, heime og borte er stor forskjell. Borte må ein berre vere kyniske og kapre dei poeng ein kan få, meiner Hødd-spissen.

Som uansett ikkje klagar over Hødds opning så langt med fire poeng på to kampar.

- Neida, det er litt skuffande no. Men vi får brette opp armane og slå Fredrikstad på måndag, varslar Espen Standal.

Espen Standal fekk gult kort etter denne duellen mot keeperen Eirik Sørensen. – Strengt, men kanskje korrekt, seier Standal sjølv. Foto: Per Werkland