Anny Våge Molvær frå Ulsteinvik har imponert over fleire dagar under Landsfinalen i alpint. Under Telenorleikane i Oppdal har ho sikra seg ein sjetteplass i Super G fredag, før ho laurdag klatra opp på pallen med ein andreplass i storslalåm.

Søndag morgon var det klart for favorittøvinga slalåm, og då var det ingen som var i nærleiken av å stoppe jenta som representerer Ørsta alpin.

I den første omgangen var Våge Molvær heile 1,73 sekund framom Ulrikke Haugen på andreplass. Haugen vann både Super G og storslalåm tidlegare i Landsfinalen.

Med supertida frå første omgang måtte Våge Molvær stå igjen på toppen til alle dei næraste konkurrentane hadde køyrt sine finaleomgangar.

Så var det Våge Molvær sin tur. Ved første mellomtid hadde ho auka litt til næraste utfordrar, men på slutten tok Ulrikke Haugen litt inn på ulsteinjenta. I mål var likevel Anny Våge Molvær solide 1,29 sekund framom og kunne dermed innkassere gullet i J14-klassa i Landsfinalen. Ein strålande prestasjon i konkurransen med om lag 60 av landets beste alpinistar i denne årsklassa.