- Eg har dei siste vekene slite med merkeleg puls. Det har gått bra å spele dei to første kampane. Samtidig er det ekkelt dersom noko skulle skje med meg. No er håpet at eg får sjekka opp dette med ein speialist i Oslo før måndagens kamp. Men det er jo påske, så det er ikkje sikkert det går. Om eg spelar mot Fredrikstad er derfor usikkert, sa Grodås til lokalavisa under langfredagens Hødd-trening - der han var tilskodar.

Sett vekk frå Grodås og langtidsskadde Erik Sandal er alle i Hødd-stallen kampklare. Det betyr at keeper Aslak Falch er aktuell igjen. Vegard Heltne gav seg midt i økta, men det var for å ikkje risikere noko. Han slit (som i fjor) med overgangen frå kunstgras til naturgras.