Hødd fekk frispark i situasjonen Standal vart skadd - og Eirik Ulland Andersen scora på vakkert vis. Etter scoringa kom Standal tilbake på bana - utan hell. Det vart kjapt klart at han ikkje kunne spele vidare.

No er håpet at Hødd-spissen kjem seg på føtene til veke - slik han rekk seriestarten mot HamKam 7. april.

- Elles ser det ut til å gå bra med Joachim Magnussen. Han trena for seg sjølv tidlegare i dag og rekk nok seriestarten. Bendik Torset er også i framgang, medan Franjo Tepuric ikkje rekk serieopninga, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Keeper Aslak Falch valde å stå over generlaprøven mot Træff.

- Eg fekk kjenning til ein ryggskade torsdag, så eg meinte det var tryggast å ikkje spele denne kampen. Men eg er tilbake i full trening om eit par dagar og er klar til seriestart, seier Falch til Vikebladet Vestposten.