Med vår i lufta er også sykkelsesongen for alvor i gang, og for å prøve å sikre rekrutteringa til klubben byrja Ulstein og Omegn Sykkelklubb denne veka med treningar for barn og unge på rundt 10–13 år.

Det er to av dei eldre ungdomane i klubben, Iver Vattøy og Peter Hagelund Horn, som skal leie desse treningane.

Vil styrke rekrutteringa

Dei to fortel at det vil verte lagt mykje vekt på leik, det å verte kjende med sykkelen og skaffe seg god balanse. Treninga skal gå føre seg på lukka område og dei som vil henge seg på kan nytte den sykkelen dei har.

Leiar i sykkelklubben, Kjell Bjørn Hatlebakk seier at dette er noko klubben gjer for å kunne styrke rekrutteringa på sikt, og at ein ynskjer å byggje opp ei større barne- og ungdomsgruppe.

For dei eldre ungdomane har klubben og fått på plass ein trenar i Martin Notøy Nevstad.

– Det er viktig med rettleiing, for det er mange feller å gå i. Eg kan hjelpe dei til å styre unna nokre av dei eg har gått i, fortel Notøy Nevstad.

Sjølv har den mest profilerte syklisten frå Ulsteinvik denne helga delteke i Norgescupritt i Skien, og saman med klubben TVK har han nyleg vore i Belgia for å delta i ritt.

– Laget hadde mange gode resultat, og tok inn rekord for vår del i pengepremiar, fortel Nevstad, som legg til at stemninga rundt løypene i Belgia var fantastisk.

Håpar på sykkelfest

Det håpar også Ulstein og Omegn Sykkelklubb at stemninga skal bli når dei arrangerer Ulstein sykkelfestival 18. mai, med ritt på sju mil rundt Gurskøya.

– Vi håpar verkeleg at vi kan få til ein sykkelfest, og at folk stiller opp med flagg og det heile, seier Kjell Bjørn Hatlebakk. Han tipsar spesielt om å stå langs skulebakken der løpet skal avsluttast i tung motbakke.

– Det skjer alltid noko i den bakken, og det er svært imponerande å sjå syklistar som syklar raskare opp enn ein klarer på moped, slår han fast.

Sykkelklubben håper godt vêr og på å få med minst 150 deltakarar til årets ritt. I 2013 var det om lag 130 som var med på turrittet.