Hødd kunne passere Vard Haugesund og ta ferie med god kontakt til laga framom seg på tabellen, men slik skulle det ikkje gå. Etter å ha sløst med sjansane sine, ikkje vore effektive nok, og nok ein gong gitt frå seg for enkle baklengsmål var det bortelaget som kunne reise heim med tre poeng etter 0–2 på Høddvoll.

Etterpå var både spelarar og trenar Sindre Eid prega av skuffelse og sinne. Henrik Breimyr vart sittande igjen på kunstgraset lenge etter at dommaren hadde blåse av kampen. Han slår fast at det Hødd held på med på ingen måte er godt nok.

Bekmørkt

– No er det heilt tomt, det er eigentleg bekmørkt for meg akkurat no. Det har skjedd altfor ofte at vi ikkje skapar store nok sjansar, ikkje scorar mål og då blir det tap. Gong på gong. Vi kan ikkje berre forvente at det skal snu heller, for det skjer jo heile tida.

Må ein ha inn noko nytt?

– Det veit ikkje eg, og eg er nok ikkje rette mannen til å svare på det, men vi slit der framme. Vi har jo ballen innanfor deira 16-meter kanskje 20 gongar i løpet av kampen, men det skjer aldri noko.

Hødd hadde også ei rekkje dødballar, men utan å klare å utnytte dei.

– Vi gjer ikkje det, men ser ein statistikken vår for scoringar på corner så scorar vi lite der. Vi hadde nok trengt 20 eller 30 til, ler Breimyr oppgitt.

Han meiner også at dei mange dødballane førte til at Hødd til slutt fekk tidsnød.

– Ballen er så mykje ute av spel, og når dei først scorar så blir det lite tid igjen.

Ut ifrå spelet hadde nok Hødd fortent meir enn dei fekk utav kampen, men som fleire gongar tidlegare denne sesongen kom baklengsmåla for enkelt.

– Vard har ikkje mykje å kome med, men når vi først slepp inn eit sånt mål, og så kjem det andre og der er vi like dårlege. At han plutseleg er åleine med keeper er for dårleg. Vi slepper inn for enkle mål. Då går det som det går, seier Breimyr.

Må innsjå alvoret

Trenar Sindre Eid samla spelarane til ein lengre prat i garderoben etter kampen. Kva som vart sagt der ville ikkje trenaren gå inn på, men han la ikkje skjul på at han ønskte seg ein heilt anna inngang til ferien.

– No er det lurt å bruke ferien godt. Vi må innsjå alvoret. Vi er også dønn ærlege med oss sjølve. Eg vil ikkje høyre snakk om at vi skapar sjansar og at vi er betre enn dei. Vi taper kampen 2–0. Det er fasiten og det skjer fordi vi ikkje presterer godt nok, seier trenaren før han legg til:

– Det er forbanna skuffande! Eg er rasande.

Eid tek fullt ansvar for dei resultata Hødd har levert, men han vil også at spelarane skal krevje meir av seg sjølve.

– Vi burde eigentleg ikkje ta ferie, men vi må ha litt fri. Gutane har fått beskjed om å bruke pausen godt, og å trene godt. Dei må vere godt trente når dei kjem tilbake.

For mykje av det Hødd har prestert i løpet av vårsesongen har ikkje vore i nærleiken av det som var forventa før sesongen. Laurdag hadde ein sjansen til å gå inn i haustsesongen med eit brukbart utgangspunkt, men tapet for Vard gjer vegen oppover på tabellen svært lang.

– Vi må vere ærlege med oss sjølve, og vi er eit botnlag. Ikkje på tabellen, men i prestasjonane våre er vi eit botnlag. Det er berre vi som kan gjere noko med det, vi som spelarar og trenarar, og eg tek sjølvsagt eit ekstremt ansvar for det som skjer, men forventar også at spelarane gjer det. Ein får som fortent i fotball. Derfor taper vi også fortent i dag. Det er ingen som blir betre av å snakke om ting, vi må ut på bana og gjere det. Det er først og fremst mitt ansvar, men spelarane må også forstå at det er dei som skal spele kampen, seier Eid.

Hødd har no spelefri i 2.-divisjon fram til 5. august. Då møter dei Fram Larvik borte. I mellomtida skal ein gjennomføre ein treningskamp mot AaFK.