I tillegg til Dimna-guten Karsten Warholm er det ein annan utøvar med røter frå Hareidlandet som denne helga reiser til USA for å delta i U20-VM om knappe to veker.

Jamaldringen Even Meinseth, som er son til Frank Otto Meinseth og barnebarn til Hødd-legenden Tor Meinseth, er også med i troppa som flyg over Atlanterhavet.

Meinseth representerer Sørild FIK, og er ein av seks utøvarar som er i troppa til stafettlaget som skal springe 4x100 meter.

Spent familie

Sjølv om meisterskapen ikkje startar før 22. juli, set utøvarane kursen mot Eugene, Oregon allereie søndag. Der var derfor ein småstressa pappa som tok telefonen då Vikebladet Vestposten tok kontakt med Meinseth-familien på Sørlandet fredag ettermiddag.

- So no pakkar vi alt som trengst og gjer dei siste førebuingane før avreise på søndag, seier Frank.

Som rett nokk berre pakkar for éin person - nemleg Even sjølv.

- Vi var ikkje heilt sikre på om Even skulle klare kravet, så vi fekk ikkje bestilt billettar i tide før det vart for dyrt. Hadde han kome over kravet for 100- og 200-meter også så kan det hende vi hadde blitt med likevel, men dessverre så gjekk ikkje det denne gongen, fortel ein spent pappa.

Hoppa i taket

Også farfar Tor er spent på korleis det vil gå med barnebarnet Even, og vart stolt då han fekk høyre at han vart teken ut i troppa som skulle til VM.

- Eg var ikkje klar over det før dei tok kontakt for ei stund sidan. Eg forstod det slik at han ikkje var kvalifisert med det same, men då vi høyrde at han kom med likevel så hoppa eg i taket, seier ein ivrig farfar.

- Så dette synest eg var veldig kjekt, held Tor fram.

- Kjempeoppleving

I staden for å reise til USA reiser Frank og familien til heimtraktene på Sunnmøre medan verdsmeisterskapen går føre seg.

- Det blir vel kanskje vel så bra det, ler pappa Frank, og legg til at dei kjem til å følgje nøye med når Even skal i aksjon.

Både Tor og Frank er fullt klar over at det vil bli tøff konkurranse om topplasseringane, og trur derfor at det er vel så viktig å nyte meisterskapen som å få med seg ein tyngre bagasje på veg heim.

- Det er mange nasjonar som er svært dyktige i stafett, som til dømes Kina, USA og Storbritannia. Så vi får sjå korleis det går. Elles så er det viktig at dei kosar seg og støttar opp under dei andre norske utøvarane, seier Frank.

- Eg trur nok at det blir ei kjempeoppleving for dei, legg Tor til.