Fredag serieopnar Hareid borte mot eit nyopprykka Ørsta-lag med Vegard Heltne som trenar.

– Det er litt som vi sa før cupkampen mot Spjelkavik. Den kampen var starten på ei utviklingsreise, på den utviklinga vi ønskjer å ha gjennom sesongen. Det same blir det med kampen mot Ørsta. Vi skal sjølvsagt gjere alt vi kan for å spele ein god kamp og for å kjempe om poeng der inne, men samstundes er det ein av 22 kampar i løpet av sesongen der vi primært ønskjer å sjå utvikling med den gruppa vi har, fortel Hareid-trenar Kenneth Moldskred.

Laurdag var han og assistenttrenar Rune Holstad på plass på Hareidsmyrane stadion saman med ein ivrig gjeng Hareidspelarar. Treningsiveren i a-lagsgruppa til Hareid meldast å vere veldig god, men oppkøyringa til sesongen har hatt nokre utfordringar.

– Vi har ein kjempegjeng og det har vi hatt heile tida, men det er ein liten kjempegjeng og truleg er det blant landets yngste seniorlag. Vi har ei stamme i laget som hovudsakleg er førsteårs juniorar. I tillegg har vi eit par gutespelarar og nokre som er litt eldre. Det gir nokre utfordringar, men så langt har vi løyst dei utfordringane på best mogleg måte, fortel Moldskred.

Rune Holstad legg til at det ikkje er noko å seie på treningslysta.

– Den stamma som er her har trena jamt heilt sidan januar, fire til fem gongar i veka.

Ein gjeng for framtida og notida

At det er mykje ungt i stallen betyr også at mange av Hareid-spelaren har framtida framom seg.

– Vi har ein gjeng som er utruleg spanande å bygge på for framtida, men vi må også bruke notida så godt som mogleg. Primærmålsettinga for sesongen er også at vi skal halde fram med å bygge samhald, at vi held fram med å bygge treningskultur og held fram med å få ein gjeng som gler seg til trening, som likar å trene og som trenar godt og skikkeleg. Samstundes at vi har ein gjeng som trivst saman og som vi trivst med å vere saman med, fortel Moldskred.

Ein vinter med mykje snø og kulde, kombinert med ein liten stall, har ført til at Hareid ikkje har fått spelt så mange treningskampar som ein vanlegvis ville gjort i løpet av oppkøyringa.

– Det har blitt to og ein halv treningskamp. Det har først og fremst med talet på spelarar å gjere, samt med baneforholda. Vi har ikkje hatt moglegheit til å spele fleire kampar, fortel Moldskred.

Akkurat det er sjølvsagt ikkje optimalt når ein er i ferd med å bygge eit nytt lag, men Moldskred trur likevel Hareid skal vere klare til dyst førstkomande fredag.

– Og eg både trur og håpar at vi kjem til å sjå utvikling, også som lag, utover i sesongen, fortel Moldskred.

Viktig treningsleir

Dei to trenarane fortel også at turen Hareid-laget reiste på før påske, med treningsleir i Side i Tyrkia, var svært vellukka.

– Den var heilt nødvendig for oss. Det var innertiar deluxe! Både det at vi planla alt sjølve og dermed fekk eit sterkt eigarforhold til det, men også at vi fekk trent veldig mykje.

Moldskred fortel at laget hadde 12 økter inkludert ein treningskamp i løpet av veka i Tyrkia.

– Eg har sjeldan eller aldri vore med i ei gruppe der det har vore så lystbetont, der folk er klare for å trene så ofte og der ein går frå treningane med eit smil om munnen. Det kulminerte også med ein kamp i siste økta, der vi har speleglede, entusiasme og kvalitet i det vi gjer. Det lovar godt for det som skal skje framover og det tok vi med oss heim. Det og ei veldig influensa, som nokon hadde med seg nedover og andre hadde med seg heim, ler Moldskred og Holstad.

Mange spanande spelarar

Ein del av dei unge spelarane i Hareid-troppen fekk også sjansar på a-laget i 2017. I år blir det mykje speletid på enno fleire unge spelarar og dermed mange som tidleg får bli vane med å spele vaksenfotball.

– I fotball som i livet elles så er det realitetar, utfordringar og moglegheiter. Realiteten er det den er, utfordringar blir at der er svært mange som har lite erfaring med vaksenfotball og som har lite erfaring med å spele saman, men det er også moglegheiter i at mange får spele mykje meir seniorfotball enn dei har gjort tidlegare. Det er også moglegheiter i at vi får sette saman eit nytt lag med mange spanande fotballspelarar, moglegheiter i forhold til og vere viktig på eit lag i ung alder og moglegheiter i at vi har mange som er entusiastiske og som gler seg til det dei skal ut på, kanskje i endå større grad enn dei som har vore med på det i mange år tidlegare, seier Moldskred.

– For dei som er med her er det veldige fine utviklingsmoglegheiter. Vi er avhengige av at også 16 og 17-åringane er med på å drage lasset i staden for å berre lene seg på dei som er eldre, skyt Rune Holstad inn.

Kulturbygging

Sidan Kenneth Moldskred returnerte til hovudtrenarrolla for 4.-divisjonslaget til Hareid IL har han fleire gongar peika på ønsket om å bygge ein best mogleg treningskultur. Trenaren meiner at pila peikar i rett retning på dette området.

– Definitivt. Tidlegare har vi til dømes slite litt med kor mange som har vore tilgjengelege på laurdagstreningane våre. Ei veke før seriestart så er det 14 spelarar som møter på ein laurdag føremiddag, fortel Moldskred. Vi går oftast frå trening med energi og ei god kjensle, noko som kjenneteiknar eit samhald og entusiasme i ei særs trenbar og treningsvillig gruppe.

– Det er også noko av fordelen med å ha så mange unge spelarar, legg Holstad til.

Fredrik Lonbakken er tilbake i Hareid IL denne sesongen og går inn i keeperteamet saman med Sigve Overå Hide og Richard Osnes. I tillegg er Benjamin Reite tilbake etter nokre års pause og Antoni Garshol har teke steget over i a-stallen. Andreas Skotheim har kome inn frå Hødd, medan nokre yngre spelarar også er tilbake i klubben. Denne sesongen er også Ola Kalvø Vattøy med frå start.

– Han har praksisplass i idrettslaget denne våren, men har også trent jamt og godt i heile oppkøyringa. Det er kjempegunstig for oss å ha med han, for han er viktig både i garderoben og ikkje minst på bana, og han er vår kaptein i år, fortel Kenneth Moldskred.

Mål om å halde plassen

2017-sesongen starta svært lovande for Hareid og laget heldt seg på øvre halvdel stort sett heile sesongen. Då hadde også laget nokre solide profilar som ikkje er med denne sesongen, men dei sportslege målsettingane er i hovudsak dei same denne sesongen.

– Det handlar om å vidareutvikle oss, gjere kvar dag god, få betre og fleire gode treningar og treningsveker, der ein også har med humør, samhald og engasjement. Det viktigaste er at når vi kjem til oktober så har vi gjennomført ein god kampsesong ut ifrå dei faktorane eg har nemnt, seier Moldskred.

– Vi gler oss til å kome i gang, få sette eit lag, bli kjende med personlegheita til laget og vidareutvikle det. For å kunne gjere det på best mogleg vis ønskjer vi å halde oss i divisjonen, fortel Holstad og Moldskred.

Laurdagsøkt: God stemning og godt oppmøte på Hareid si laurdagstrening ei knapp veke før seriestarten mot Ørsta. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Utvikling: Kenneth Moldskred håpar å sjå eit Hareid-lag der både einskildspelarane og laget tek nye steg i løpet av den komande sesongen. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes