Klimaendringane gjer at Nord-Europa må belage seg på meir nedbør i framtida, skriv Stavanger Aftenblad. Utan lågare CO2-utslepp vil utviklinga med meir regn og nedbør berre fortsetje, påpeiker klimaforskar og professor Helge Drange ved Universitetet i Bergen. Han seier enkelthendingar med store nedbørsmengder og flaum, slik det nyleg var i Sør-Rogaland, ikkje automatisk kan knytast til klimaendringane, men viser likevel ein klar trend.

– Dei siste hundre åra har gjennomsnittleg vinternedbør på Vestlandet auka med 36 prosent. Spesielt frå 1990 og fram til i dag har det vore mange nedbørsrike periodar om haust, vinter og vår. Trenden er stigande, og det er mogleg å påvise at auka nedbør på den nordlege halvkula kan knytast til global oppvarming, seier Drange til Aftenbladet.