Laurdag er det fint vêr og nokre plussgrader på Hareidlandet, og ifølgje Yr.no vil det framleis vere plussgrader endå nokre dagar til. Sundag skal nemleg temperaturen stige opp mot 7-8 grader på Hareidlandet, og starten på den komande veka vil også vere prega av plussgrader.

Sundag er det også sendt ut eit obsvarsel for store delar av Sør-Norge. Det er spesielt i fjellet at kombinasjonen snø og sterk vind kan gje vanskelege køyreforhold, men det er også meldt ein del vind ute ved kysten.

Utover i veka ser det ut til at temperaturane vil stabilisere seg på om lag null grader eller litt under. Det er venta ein søraustleg vêrtype den komande veka, og då vil ein truleg sleppe unna særleg med nedbør.