Dei siste vekene har vore prega av eit fantastisk haustvêr, men mykje sol og stort sett behagelege dagtemperaturar. Ifølgje Yr.no ser det no ut til at finevêrsperioden går mot slutten, og at vi framover får meir nedbør.

Allereie onsdag kan dei første bygene dukke opp, og utover veka skal det halde fram med ein grå vêrtype. Vind frå sør og sørvest tek truleg med seg meir regn torsdag og fredag, og både torsdag og fredag kan vi få stiv til sterk kuling på kysten. Fredag er det venta regnbyger, men nedbøren kan kome som snø i fjellet.