Det har ikkje vore så mykje som minnar om sommar dei siste par dagane. Temperaturen har ikkje vore så mykje å skryte av og måndag har det vore ein våt dag på Hareidlandet.

Denne veka ser det likevel ut til at ein skal få ein smak av sommar, men dessverre ser det ikkje ut til at den blir veldig langvarig.

Ifølgje Yr.no blir det mindre nedbør og meir sol dei komande dagane. Torsdag får ein truleg også eit solid temperaturoppsving. Faktisk kan temperaturane stige opp mot ti grader frå onsdag til torsdag, melder meteorologane.

Torsdag kan det då verte opp mot 25 grader, medan det truleg blir noko lågare temperaturar inn mot helga. Meteorologane melder at sommarvêret truleg ikkje kjem til å vare så mange dagane i denne omgang.