Etter fleire dagar med det som ein på desse kantar kan kalle særs godt sommarvêr, trass innslag av korte regnbyer ut mot ettermiddag og kveld, så kan det verke som godvêrsperioden er snudd fredag. Trass sprikande meldingar frå storm.no og yr.no, verkar det likevel ikkje som at er tilfellet.

Det ser ut til at temperaturane vil svinge mellom 11-17 grader i løpet av dagane gjennom helga, med innslag av regnbyer mot ettermiddag og kveld.

Fredag har yr.no meldt om ein dag med opplett og milde temperaturar på Hareidlandet. Regnbyene tidleg fredag morgon motviser denne meldinga, men utover ettermiddagen er storm.no og yr.no meir eller mindre einige om at sola igjen vil skine. Om det så skulle vere bak skyer.

Laurdag meldast det om opphaldsvêr og relativt høge temperaturar midt på dag som kan nærme seg opp mot 17-18 grader. Utover ettermiddag og kveld vil regnbyene ta til, og yr.no melder at det generelt i Møre og Romsdal kan vere fare for torevêr.

Søndag er det igjen sprikande meldingar. Der yr.no melder om ein skydekt, men opplett dag, melder storm.no om småbyer gjennom store delar av dagen. Temperaturane verkar likevel å halde seg på rundt 13-15 grader gjennom dagen.