Etter ei periode utan dei heilt store nedbørsmengdene ser det no ut til å bli vått dei komande dagane.

Lenger sør på Vestlandet kan det bli kraftig vind onsdag, medan det ser ut til å bli mykje nedbør over heile Vestlandet utover veka. Både onsdag, torsdag og fredag ser det ut til å kome ein del regn, eventuelt som sludd eller snø i høgda, før vêret truleg blir lettare laurdag. Også den komande veka kan starte med noko nedbør før det ser ut til å bli ei periode med meir opplett frå tysdag.

Ifølgje Yr.no ser det ikkje ut til å bli dei store endringane i temperatur i tida framover. Dermed vil det truleg framleis vere gode sjansar for påfyll av snø i høgda, og dermed også gode skiforhold i fjellet.