Fredag kveld var det kraftig nordlys over Sunmøre etter solaktiviteten som har vore den siste tida. Også i dag sundag kan det vere gode sjansar for å sjå fenomenet på nattehimmelen, så sant det er klarvêr. Ifølgje det geofysiske instituttet i Alaska er det gode sjansar for å sjå nordlys lågt på nattehimmelen så langt sør som til Oslo.

Ifølgje timevarselet til Yr.no er det fare for noko skyer til kvelden, og det er venta delvis skya eller lettskya vêr utover natta. Ser ein på langtidsvarselet så har ein mykje godt vêr i vente. Meteorologane melder om Sol, lettskya vêr og temperaturar opp mot 17 grader dei komande dagane. Det er ikkje venta nedbør den næraste veka.

Har du teke bilete av nordlyset? Send inn bileta til redaksjonen@vikebladet.no!