I samband med friidrettsgallaen i Stavanger laurdag kveld, vart Karsten Warholm frå Dimna IL tildelt ikkje mindre enn to prisar; Årets navn i norsk friidrett og Utøverprisen. Begge prisane vert utdelt av styret i Friidrettens Venner.

I Friidrettens venner si grunngjeving for tildelinga av Årets navn i norske friidrett, heiter det mellom anna at Karsten Warholm gjennom fleire år har synt resultat i absolutt verdsklasse på juniornivå, og i fjor også på seniornivå. Han har også vunne mange nasjonale ungdoms- og seniormeisterskap, og har fleire medaljar frå internasjonale juniormeisterskap.

Juryen har merka seg Warholm si satsing på 400 meter og 400 meter hekk og skriv at han er kjend som ein spennande mangekjempar, men at han det siste året satset på 400 meter og særleg 400m hekk. Dei syner til dei gode resultata både i EM i Amsterdam og under OL i Rio.

På grunn av kluss med tidtakarsystemet under Friidretts-NM i sommar fekk ikkje Warholm godkjend rekordtida på 400 meter på 45.8.

"Den positive måten han taklet den situasjonen på bidro også til at han ble årets navn i norsk friidrett" heiter det i grunngjevinga.

LES OGSÅ; - Shit happens!

Karsten Warholm vart også tildelt den nyskipa Utøverprisen.

Her er det friidrettsutøvarane sjølve som har stemt fram vinnaren mellom fem nominerte kandidatar. Dei øvrige nominerte var Nadia Akpana Assa, Yngvild Elvemo, Filip Ingebrigtsen og Runar Steinstad.

Karsten Warholm er for tida på treningsleir og kunne ikkje ta i mot prisane i eigen person, men mor Kristine G. Haddal sytte for å få troféa vel heim.

"Stor stas å få prisen Årets navn i Norsk Friidrett, mange takk! Og takk til mor som mottok prisen, då eg er på treningsleir", skriv Karsten Warholm på sin Facebook-profil.