Vegard Heltne har signert ei ny eittårskontrakt med Hødd. Det skriv klubben på sine nettsider.

27-åringen var ein av spelarane på utgåande kontrakt i Hødd etter 2016-sesongen, men har no signert på ei kontrakt som gjeld ut 2017.

Denne sesongen har vore prega av skader for Heltne, og han fekk dermed få sjansar til å vise seg fram i Hødd-drakta. Det blei berre to korte innhopp i Obos-ligaen i 2016, men totalt har Heltne over 200 A-kampar for Hødd.

- Vegard er framleis ung og har mykje fotball i og foran seg. Med ein god vinter blir han ein viktig mann i 2017. Ein viktig kontunitetsbærar å ha med vidare seier hovudtrenar Sindre Eid ifølgje Hødd sine nettsider.

Les også: Trio signerte nye kontrakter