Førre veke skreiv Vikebladet Vestposten om at Ulstein sokn står att med to alternative plasseringar for nytt kyrkjebygg (arbeidskyrkje). Ved eksistarande kyrkje eller på Store Vikholmen.

Lund+Slaatto Arkitekter har utarbeidd ein rapport der dei vurderer dei to ulike tomtene opp mot kvarandre. Dei skriv at dei ser både fordelar og ulemper med båe plasseringane.

Ein del av lesarane våre reagerer på at Store Vikholmen blir vurdert til ny arbeidskyrkje. Dei er redde det nye bygget vil gå utover den flotte naturen og grøntområdet som er der. Fleire skriv at Ulsteinvik treng naturperla Store Vikholmen er.

Kyrkjeverje Anders Myrene forsikrar om at dei ikkje har tenkt å ta parkområdet. I rapporten står det at ein må ta spesielt omsyn til svaberga på holmen som er typiske og karakteristiske. Dei vil også ta omsyn til tilkomst til småbåthamna og naturområda på nordsida. Bygget vil liggje på den austlege delen av tomta. Eksisterande hus (aktivitetshuset) vil bli fjerna om dei byggjer ei arbeidskyrkje her. Om dei byggjer ei kyrkje her kan ho få to etasjar, så dei unngår å fylle i sjø, for å bevare kystlinja.

Leikeområde

I det nye bygget kan det bli aktuelt å plassere Byggeklossen open barnehage. Arkitektkontoret vurderer uteområda på Store Vikholmen som vesentleg betre enn på eksisterande kyrkjetomt, der det truleg vil vere vanskeleg å tilfredsstille utearealsnormen for barnehagar, samstundes er eksisterande kyrkjetomt meir tilgjengeleg enn Store Vikholmen.

Prosessen vidare

Som sagt har Ulstein sokn førebels ikkje konkludert med kvar dei ønskjer at den nye arbeidskyrkja skal liggje. I slutten av månaden skal kyrkjeleg fellesråd ha møte. Deretter skal saka leggjast fram på soknemøte, før ho går tilbake igjen til kyrkjeleg fellesråd (truleg i mars) som lagar ei tilråding til Ulstein kommune. Der må politikarane fatte vedtak, før det blir lyst ut ein arkitektkonkurranse.