Eit område på Holstad er regulert til bustadfelt i kommuneplanen. Med bakgrunn i vedtaket vil kommunen halde eit møte med dei aktuelle grunneigarane. Det opplyser ordførar Anders Riise til Vikebladet Vestposten.

Møtet har enno ikkje fått dato. Det er heller ikkje snakk om å forhandle om tomteprisar og den slags i denne omgang. Det kjem eventuelt seinare, forklarer ordføraren.

Tidlegare i år sa Anders Riise at kommunen håper på byggestart i 2015. Byggefeltet vil vere ei blanding av einebustader, to og fire-manns-bustader.