– Eg er oppteken av integrering, og eg har lurt på kvifor det er så vanskeleg å lukkast med å integrere innvandrarar, fortel Hansen.

Det har gått seksten år sidan Bennie Bantilan Hansen kom som turist frå Filippinane til Ulsteinvik. Under besøket hos tremenningen sin, møtte ho han som ho er gift med og har to søner med.

Lærevillig

Bennie hadde ein bachelorgrad i psykologi frå heimlandet, og kom fort i gang med norskkurs. Lærar var høgskulelektor i norsk, Birgitte Fondevik, som det året hadde permisjon for å vere norsklærar på Sunnmøre Folkehøgskule.

– Ho var ein kjempegod lærar og la merke til at eg hadde lyst til å lære fort. Difor fekk eg mange ekstra oppgåver av henne, fortel Bennie.

Våren 2002 tok ho eksamen i norsk språk og samfunnskunnskap på Høgskulen i Volda, men jobb og to fødslar gjorde at vidare utdanning vart lagt på hylla.

Heilt til Bennie møtte Birgitte på butikken ein dag i 2011.

– Ho sa til meg: ”Eg synest du er for flink til å ikkje å gå skule”, og det gav meg eit spark til å ta meir utdanning, fortel Bennie.

Fire år med høgare utdanning vart fullført ved Høgskulen i Volda i vår, og 44-åringen kan no skilte med ein mastergrad. No har ho eit vikariat som rådgjevar i PPT-tenesta.

Mange intervju

Masteroppgåva har tittelen «Kommunens rolle i integrering av innvandrere», og tek føre seg integreringsarbeidet i kommunane Ulstein og Volda.

– Det finst mange stortingsmeldingar, reglar og forskrifter om integrering, men det er her i lokalsamfunnet innvandrarane vert integrert, seier ho.

I masterarbeidet intervjua Hansen politkarar, flyktningar, arbeidsinnvandrarar og familieinnvandrarar i dei to kommunane. Sjølv tilhøyrer ho den siste kategorien, sidan ho er gift med ein nordmann.

– Eg fann ut at verken Ulstein eller Volda har ein vedteken integreringspolitikk. Men i Volda har dei jobba meir medvite over lang tid, i Ulstein har integreringsarbeidet vore litt meir av og på, fortel Bennie.

Var det noko som overraska deg i det du fann ut?

– Eg har oppdaga kor viktig det er å vere aktiv i og delta i frivillig arbeid. Før så tenkte eg ikkje på det, kanskje fordi eg sjølv vaks opp i ein kultur med stor familie. I masteroppgåva fann eg ut at flyktningane er mest aktive i frivillig arbeid. Det har nok mykje med introduksjonsprogrammet dei må gjennom, der det også er språk- og arbeidspraksis, fortel ho, og held fram:

– Arbeidsinnvandrarane derimot, dei jobbar og klarer seg sjølv, men det er kanskje ingen som oppmodar dei om å skaffe seg eit nettverk i lokalsamfunnet. Nettverk er nemleg veldig viktig for å trivast.

Gjeld integrering berre innvandrarar, eller gjeld det også nordmenn som er tilflyttarar?

– Eg trur ikkje det handlar om kva land du kjem frå, nei. Ein informant sa til dømes at det er vanskeleg å skaffe seg eit nettverk, uansett om du er frå Noreg eller eit anna land.

Er du som familieinnvandrar sjølv integrert i Ulstein-samfunnet?

– Det er eit godt spørsmål. Eg føler at eg er integrert, for eg kan norsk, eg har jobb og har tileigna meg mykje av den norske kulturen. Men eg har ikkje eit stort nettverk, eg har vorte kjend med berre nokre få nordmenn. Og det er noko som manglar, denne tilhøyrsla som kanskje er litt vanskeleg å definere.

Kva konklusjon vil du trekke etter mastergradsarbeidet?

– Det må vere at alle må bidra til integreringa. Det handlar om å tore å ta kontakt, seie hei på gata, det gir ei god kjensle til dei som kjenner seg åleine.

Her er nokre av funna i masterprosjektet:

Både Ulstein og Volda har mange tiltak for integrering  av innvandrarar, gjennom frivilligsentralane og i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.

Flyktningane har mykje kontakt med lokalbefolkninga gjennom deltaking i frivillige organisasjonar

Fem av dei sju familieinnvandrarane, som er gift med nordmenn, har ikkje norske venar.

Arbeidsinnvandrarane deltek ikkje i frivillige organisasjonar.

Fire av informantane i Ulstein ser på lokalbelfolkninga som snille. To informantar oppfattar dei som reserverte, medan andre synest dei er kalde menneske som ikkje har lett for å opne seg.

Kommunane er avhengige av frivillige organisasjonar og næringslivet for å integrere innvandrarane

I Ulstein legg kommunen inn integreringsarbeid i kommunale tenester som skular og barnehagar.

Ein informant fortalde at å vere inkluderande er eit samfunnsansvar, eit ansvar for å skape eit samfunn der alle trivast

Alle innvandrarinformantane seier dei trivst i kommunen. Årsaka er at kommunane er fine, barnevenlege og trygge å bu i.

Samfunnet, som omfattar lokalbefolkninga, har ei viktig rolle i integreringa. Å vere inkluderande og imøtekomande er viktig for at innvandrarane vert ein del av samfunnet.

Viss lokalbefolkninga er inkluderande og imøtekomande, er det lettare for innvandrarar å verte inkludert i samfunnet.