Tidlegare i mai gjekk Ulstein SV ut og utfordra Arbeidarpartiet og Venstre til å fremje ei sak om at Ulstein kommune bør ta imot syriske flyktningar. Om det er oppmodinga frå SV som har fått Pål Grødahl i Ulstein Venstre til å gripe fatt i denne saka er uvisst, men han har skrive eit brev til ordførar Jan Berset og rådmann Einar Vik Arset om at Venstre ber om svar på brev om mottak av flyktningar i frå Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne.

Grødahl viser til at det er ei stor flyktningekatastrofe i Midt-Austen og i Middelhavet. Eit fleirtal på Stortingen har bede regjeringa leggje til rette for å hjelpe flyktningane i den situasjonen dei er i med at kommunane ser etter moglegheiter for å busetje og motta fleire flyktningar.

- Ulstein Venstre er opptekna av at me i Ulstein Kommune også tar eit ansvar og syner solidaritet med dei som treng det mest, argumenterer Grødahl.

Horne har gjeve kommunane svarfrist til 27. mai for å svare på kor mange flyktningar kommunen har kapasitet til å ta imot. KS har oppmoda kommunane om å også gje statsråden tilbakemelding på kor mykje pengar kommunane treng for å busetje fleire flyktningar.

Denne saka skal ikkje opp som sak i Ulstein formannskap 19. mai. Ulstein Venstre ber difor om at det kjem opp sak om dette i kommunestyret 28. mai, for då rekk Ulstein kommune nesten tidsfristen frå departementet. Venstre utfordrar også dei andre partia i formannskapet om å kome med si meining i denne saka.

Skal ta det før sommarferien

Ordførar Jan Berset har svara på brevet frå Ulstein Venstre. Han kan opplyse om at rådmannen og kommunalsjef for oppvekst har varsla at kommunen treng noko meir tid på å klargjere om det er mogleg for Ulstein kommune å ta imot fleire flyktningar.

Det blir lagt opp til at saka blir fremja for politisk handsaming i siste formannskapsmøtet og kommunestyremøtet før sommarferien.

Ulstein kommune har sendt brev til departementet om dette.

Ordførar Jan Berset har varsla departementet om at Ulstein kommune ikkje greier svare innan fristen, men det kjem svar før sommarferien.