Det stadfestar klubben i ei pressemeding torsdag.

Eirik Ulland Andersen kjem frå divisjonskollega SK Vard Haugesund, der han denne sesongen har spelt 14 kampar og skåra totalt fire mål i cupen og serien.

Andersen er ekte Vard-gutt, men har også spelt to sesongar for FK Haugesund. I 2011-sesongen fekk han 11 kampar i Tippeligaen.

Godt tilbod

Ifølgje dagleg leiar i Vard Haugesund, Bengt Førland, var det eit godt bod som Hødd la på bordet.

- Vi fekk eit godt tilbod frå Hødd. Og vår sportslege leiing meiner vi har god dekning på flanken, der Eirik har spelt. Derfor valde vi å sleppe han til Hødd, seier Førland til Haugesunds Avis.

Kontrakt ut året

Sportssjef i Hødd, Andrè Nevstad, er veldig nøgd med at Andersen blir Hødd-spelar.

- Eirik er ein ung spanande spelar som passar godt inn i vår profil. Han kan spele både på høgre- og venstrekant, og har ein veldig presis høgrefot, seier Nevstad.

- I første omgang har vi signert ein kontrakt ut 2013, men med opsjon på ei forlenging dersom han og vi trivast saman.

Andersen kjem til Ulsteinvik i dag og blir med på Hødd si trening kl. 18.00.

Den nye Hødd-spelaren får draktnummer 23, som han også hadde i Vard Haugesund.

*

Les også: Eirik Heltne til Herd