Tidlegare i år godkjende politikarane ein skulebehovsplan, der det kom fram at Ulsteinvik barneskule bør utvidast/byggast om. Mellom anna meinte firmaet som utarbeidde denne rapporten/planen at brakkene ved Ulsteinvik barneskule bør rivast.

På sist formannskapsmøte stilte Ulstein Høgre spørsmål om kva som er status for oppfølging av tiltak ved Ulsteinvik barneskule, jamfør skulebehovsplanen.

Til det svara rådmannen at tiltak i skulebehovsplanen skal leggast til grunn for arbeidet med kommuneplanens arealdel, for seinare prioritering i økonomiplanarbeidet.

Med andre ord: det blir ikkje noko utbygging i år.