Då menneskerettsforkjemparane Malala Yousafzai (17) frå Pakistan og Kailash Satyarthi (60) frå India mottok Nobels Fredspris 2014 på Oslo Rådhus i dag, var det selvågaren Bror Magnus Tødenes som opna seremonien ved å syngje opera.

Operatenoren song, medan Håvard Gimse spelte på klaver. Dei framførte "Jeg elsker dig" av Edvard Grieg. Og som ikkje det var nok song han også avslutningssongen, "O helga natt". Også her med Gimse på klaver.

21-åringen frå Eiksund har tidlegare studert ved Institutt for musikk på NTNU i Trondheim, men studerer no opera ved Conservatorio di Musica Santa Cecilia i Roma. Han har tidlegare fått Erling Krogh sangerlegat, og vart av operasjef Per Boye Hansen skildra som eit usedvanleg talent med ein vakker stemme, skriv NRK.

Nyleg var han å sjå på TV-skjermen i samband med "Da KORK kom til bygda".

Første juledag er han som nemnd å høyre på KORK sin julekonsert på NRK 1. Også der skal han syngje "O helga natt".